Last ned

674 000 tapte årsverk i 2018

Jorunn Furuberg og Ola Thune

Samandrag

Redusert arbeidsevne eller arbeidsløyse førte til at til saman 674 000 årsverk gjekk tapt i produksjonen av varer og tenester i Noreg i 2018. Dette kjem fram ved å estimera kor mykje og kor lenge alle personar i alderen 16- 67 år var utan ordinært arbeid av slike årsaker. Dei tapte årsverka i 2018 svarer til 18,9 prosent av folkemengda. Samanlikna med 2017 er dette ein nedgang på 10 000 årsverk, eller 0,4 prosentpoeng. Hovudårsaka til denne nedgangen er lågare arbeidsløyse.

Om lag 1,54 millionar personar står bak dei tapte årsverka, det vil seia at det står om lag 2,3 personar bak kvart tapte årsverk. Dette viser at det er gjennomstrøyming i dei ulike ordningane, og at det ikkje er slik at dei tapte årsverka skuldast at mange personar står permanent utafor arbeidslivet.

Prosentdelen tapte årsverk i 2018 var like høg blant norskfødde som blant innvandrarar. Medan dei norskfødde tapte fleire årsverk enn innvandrarar på grunn av redusert arbeidsevne, taper innvandrarar fleire årsverk på grunn av arbeidsløyse. Frå 2005 til 2018 har det vore ein nedgang i tapte årsverk rekna i prosent av folkemengda, både blant innvandrarar og norskfødde. Nedgangen skuldast først og fremst lågare arbeidsløyse.

For kvinner har det vore ein auke i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne frå 2005, både blant norskfødde og innvandrar, medan det har vore ein nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne blant menn uansett fødeland. Blant norskfødde har det vore ein sterk nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne i dei eldste aldersgruppene, medan det har vore ein auke i alle aldersgruppene under 54 år, sterkast for dei mellom 22og 37 år.

Innleiing

I denne artikkelen publiserer vi nye tal for summen av tapte årsverk for 2017 og 2018. Nytt i høve til tidligare publiseringar er at vi ser på korleis tapte årsverk fordeler seg mellom personar som er født i Noreg og personar som er født i utlandet. Vi har også gruppert årsverka i to hovudgrupper, tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne og tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse, jamfør faktaboks. I artikkelen legg vi hovudvekt på å sjå på utviklinga i tapte årsverk i desse to gruppene frå 2005 til 2018, for norsk-fødde og for innvandrarar.

NAV har i fleire år publisert estimat på kor mange årsverk som har gått tapt på grunn av redusert arbeidsevne eller mangel på ordinært arbeid, siste gong for året 2016 (Furuberg og Thune 2017). Dette estimatet gir eit utrykk for talet på årsverk som går tapt i produksjonen av varer og tenester i Noreg på grunn av redusert arbeidsevne og arbeidsløyse blant personar i alderen 16-67 år. Utgangspunktet er kor mange personar som i løpet av året er registrert hos NAV som utafor det ordinære arbeidslivet av slike årsaker, og kor lenge kvar person er borte. I utrekninga er det også teke omsyn til at ein del personar er delvis utanfor arbeidslivet. Vi ser på kor mange som er mottakarar av helserelaterte stønader eller er registrert med nedsett arbeidsevne, og kor mange som er heilt eller delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar i tiltak. For ei meir inngåande utgreiing av metode og definisjonar viser vi til faktaboks.

Data og metode

Tala i denne artikkelen baserer seg på individdata over alle personar som i løpet av åra 2005 og 2009- 2018 hadde ein eller fleire av følgjande stønader/arbeidsmarknadsstatusar:

  • uføretrygd (tidlegare uførepensjon)

  • nedsett arbeidsevne, med og utan arbeidsavklaringspengar[1]I perioden til og med februar 2010: tidsavgrensa uførestønad, rehabiliteringspengar og yrkesvalhemma/nedsett arbeidsevne med og utan attføringspengar.

  • legemeldt sjukefråvær

  • registrert heilt arbeidslaus (med og utan dagpengar)

  • registrert delvis arbeidslaus (med og utan dagpengar)

  • registrert arbeidssøkjar på tiltak

For uføretrygd[2]For perioden t.o.m. mars 2010 også tidsavgrensa uførestønad og rehabiliteringspengar er det nytta individdata for behaldninga ved utgangen av kvart kvartal. For sjukefråvær er det nytta data over alle sjukefråvær i kvart kvartal. For personar med nedsett arbeidsevne, heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak er det nytta individdata for behaldninga ved utgangen av kvar månad.

Ved å kopla saman datamaterialet på individnivå er det justert for at fleire av personane får meir enn ein stønad på eit og same tidspunkt. Det er til dømes ikkje uvanleg at ein person får arbeidsavklaringspengar (til dømes 50 prosent) og uføretrygd (til dømes 50 prosent) samstundes. Ved å kopla individopplysningar om arbeidsavklaringspengar med uføreregisteret, vil denne personen berre telja som eit tapt årsverk, og ikkje som to personar tapt, som ville vore tilfelle dersom ein ikkje kopla registra. Ein person kan vera registrert i fleire register samstundes. Til dømes kan ein heilt arbeidslaus vera sjukmeldt, og ein person som er 100 prosent ufør kan samstundes vera i eit tiltak for personar med nedsett arbeidsevne. I tilfelle der summen av alle registreringane overstig eit årsverk per person, har vi prioritert kva for ordning årsverket skal telja med i slik:

Uføretrygd er prioritert over nedsett arbeidsevne, deretter følgjer sjukefråvær, heilt arbeidslaus, delvis arbeidslaus og til slutt arbeidssøkjar på tiltak.

Det er heller ikkje uvanleg for ein stønadsmottakar å ha ein gradert stønad, og mange arbeider noko ved sidan av ein gradert stønad. Når vi estimerer dei tapte årsverka, tek vi utgangspunkt i kor stor del av ei full trygdeyting dei einskilde har, det vil seia at vi må redusera for arbeid for dei som har graderte ytingar. For personar som arbeider ved sida av 100 prosent trygdeyting, har vi ikkje redusert for arbeid. For mottakarar av uføretrygd er kor stor prosentdel av eit tapt årsverk ein person bidrar med avhengig av opplysningar frå sakshandsamingssystemet om gradering og kor mange dagar ein har hatt uføretrygd. Mottakarar av dagpengar og arbeidsavklaringspengar sender kvar 14. dag inn eit meldekort til NAV der dei opplyser om kor mykje dei eventuelt har arbeidd i løpet av dei siste to vekene. Opplysningane frå meldekorta er brukte til å estimera kor stor prosentdel av eit årsverk delvis arbeidslause og mottakarar av arbeidsavklaringspengar bidrar med. Delvis arbeidslause utan dagpengar fører ikkje opp arbeidet på meldekortet. For denne gruppa er det lagt til grunn at dei arbeidar like mykje som dei delvis arbeidslause med dagpengar. Det er vidare lagt til grunn at personar som er registrert med nedsett arbeidsevne utan å vera mottakar av arbeidsavklaringspengar i utgangspunktet taper eit dagsverk kvar dag dei er registrert. Det er også lagt til grunn at alle som er registrert som deltakarar på tiltak, er i tiltak på heiltid.

Tapte årsverk til sjukefråvær er estimert med bakgrunn i individdata frå sjukefråværsstatistikken. Denne statistikken inneheld legemeldt sjukefråvær for alle arbeidstakarar busett i Noreg med arbeidsforhold registrert i A-ordninga.

Talet på tapte årsverk kjem fram ved å summera saman på individnivå kor lenge og kor mykje (gradering) i løpet av året kvar person anten var heilt eller delvis mottakarar av ein eller fleire av stønadene nemnd innleiingsvis, eller som heilt eller delvis var i ein av dei nemnde arbeidssøkjarstatusane.

Talet på tapte årsverk gir dermed uttrykk for talet på årsverk som går tapt i produksjonen av varer og tenester, som følgje av arbeidsløyse eller redusert arbeidsevne blant personar i alderen 16– 67 år.

I artikkelen har vi gruppert dei tapte årsverka i to, tapte årsverk knytt til redusert arbeidsevne og tapte årsverk knytt til arbeidsløyse. Vi har gruppert alle tapte årsverk innan uføretrygd, nedsett arbeidsevene og sjukefråvær som tapte årsverk knytt til redusert arbeidsevne. Tapte årsverk for heilt og delvis arbeidslause, samt arbeidssøkjarar i tiltak er gruppert som tapte årsverk knytt til arbeidsløyse.

Tapte årsverk i prosent av folkemengda er brukt for å sjå på utviklinga i tapte årsverk innan ulike grupper kontrollert for demografiske endringar.

Bakgrunn

Frå 2005 til 2018 har det skjedd ein del endringar i samfunnet som truleg har påverka både nivået på, og samansetjinga av, tapte årsverk. I perioden har folkemengda i Noreg vakse med 15 prosent ( SSB 2019a), hovudsakeleg som følgje av auka innvandring. Prosentdelen innvandrar i folkemengda dobla seg frå 7 prosent til 14 prosent i denne perioden, og auken har vore sterkast for personar i yrkesaktiv alder.

Ei anna viktig endring er pensjonsreforma frå 2011, som førte til at det er lettare å kombinera arbeid og alderspensjon for dei eldste i yrkesaktiv alder, samstundes som fleire har høve til tidlegpensjonering frå 62 år. Tidlegare analyser viser at andelen uføretrygda og mottakarar av arbeidsavklaringspengar mellom 62 og 66 år har gått ned etter pensjonsreforma (Jacobsen 2018).Yrkesdeltakinga blant dei eldre har auka i perioden (SSB 2019c), både på grunna av at nye årskull av eldre kvinner er meir yrkesaktive enn eldre årskull har vore, og at personar i denne aldersgruppa har betre helse og meir utdanning enn tidlegare.

Prosentdelen av den samla folkemengda som er mottakarar av helserelaterte ytingar har gått ned frå 2001 til 2017, medan det har vore ein auke blant unge under 30 år (Kalstø og Kann 2018). Vidare har det vore ein nedgang i talet på unge som mottar ikkje- helserelaterte ytingar, til dømes dagpengar og økonomisk sosialhjelp (Kalstø og Kann 2018). Dette kan vera teikn på ei såkalla medikalisering blant unge, der problem med å få innpass på arbeidsmarknaden i større grad enn tidlegare vert relatert mot helseutfordringar enn mot manglande samsvar mellom eigne kvalifikasjonar og dei kvalifikasjonane som er etterspurde på arbeidsmarknaden. Tidlegare forsking tyder på at ei slik utvikling kan føra til svekka arbeidsmarknadstilknyting og fleire på uføretrygd blant unge (Schreiner 2016). I denne artikkelen ser vi på om dei tapte årsverka kan knytast til det å ha redusert arbeidsevne eller det å vera arbeidslaus, uavhengig av kva for type trygdeyting ein er mottakarar av. Finn vi ein auke i talet på tapte årsverk som skuldast redusert arbeidsevne, uavhengig av trygdeytingar, blant unge?

Med bakgrunn i at ein aukande del av folkemengda er innvandrarar, vil vi sjå på korleis tapte årsverk fordeler seg mellom personar født i Noreg og innvandrarar. Innvandrarar har ei anna aldersfordeling og er ei meir heterogen gruppe enn majoritetsfolkemengda. Innvandrarar er generelt mindre sjuke og brukar helsevesenet mindre enn personar født i Noreg (Folkehelseinstituttet 2018), men det er stor forskjellar mellom innvandrarar frå ulike land. Kva land ein kjem frå, innvandringsårsak og butid i Noreg har mykje å seia for helsetilstanden. Ein større prosentdel av folkemengda blant dei som er født i Noreg var mottakarar av helserelaterte stønader i 2017 samanlikna med personar født utafor Noreg, særleg gjeld dette kvinner (Kalstø og Kann 2018). Med bakgrunn i dette ventar vi å finna færre tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne blant innvandrarar samanlikna med norskfødde.

Ein aukande del av dei registrerte arbeidslause er innvandrarar, frå i underkant av 20 prosent av dei registrerte heilt arbeidslause i 2005 til om lag 40 prosent i 2018 (SSB 2019b). Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar er om lag tre gonger høgare enn blant personar født i Noreg. Vi vil difor venta at andelen tapte årsverk relatert til arbeidsløyse er høgare blant innvandrarar enn blant personar født i Noreg.

Færre tapte årsverk knytt til arbeidsløyse i 2018

I perioden 2005 – 2018 har summen av tapte årsverk, rekna i prosent av folkemengda, vist ein liten nedgang ( fig.1). I 2005, året med høgast prosentdel, utgjorde tapte årsverk 20,0 prosent av folkemengda mot 18,8 prosent av folkemengda i 2014, året med lågast prosentdel. Langt dei fleste tapte årsverka er knytt til redusert arbeidsevne, medan tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse varierer noko meir frå år til år i takt med tilhøva på arbeidsmarknaden. I 2018 utgjorde dei tapte årsverka samla 18,9 prosent av folkemengda.

I 2018 gjekk til saman i overkant av 674 000 årsverk tapt på grunn av redusert arbeidsevne eller arbeidsløyse blant personar i alderen 16 – 67 år. Dette er ein nedgang på 10 000 årsverk frå 2017. I same periode auka folkemengda i denne aldersgruppa med om lag 15 600 personar, og tapte årsverk i prosent av folkemengda minka med 0,4 prosentpoeng.

Dei fleste årsverka som går tapt skuldast redusert arbeidsevne, og flest tapte årsverk finn vi i kategorien uføretrygd. Frå 2018 blei det innført ein del endringar i regelverket for mottak av arbeidsavklaringspengar, mellom anna ei innstramming i vilkåra for å kunna motta arbeidsavklaringspengar ut over maksimal stønadsperiode på fire år. Dette har ført til ein auke i tilgangen til uføretrygd og ein reduksjon i talet på personar med nedsett arbeidsevne. I 2018 gjekk i overkant av 310 000 årsverk tapt blant uføretrygda, ein auke på 9 800 årsverk, eller 3,3 prosent, samanlikna med 2017. Tapte årsverk blant personar med nedsett arbeidsevne vart redusert med 2 200, eller 1,3 prosent i same periode. Også tapte årsverk grunna sjukefråvær vart redusert med 1 500, eller 1,3 prosent i 2018.

Årsaka til nedgangen i talet på tapte årsverk i 2018 finn vi i tilhøva på arbeidsmarknaden. 2018 var prega av auke i sysselsettinga og nedgang i arbeidsløysa, noko som har gitt seg utslag i ein sterk reduksjon i talet på tapte årsverk knytt til arbeidsløyse. Blant heilt arbeidslause gjekk 64 200 årsverk tapt i 2018, dette er 8 900 færre årsverk enn året før, ein nedgang på 12,2 prosent. Tapte årsverk blant delvis arbeidslause minka med 4 000 årsverk, eller 22,5 prosent i same periode. Blant arbeidssøkjarar på tiltak var det ein reduksjon i talet på tapte årsverk med 3 200, eller 16,5 prosent i løpet av 2018.

Figur 1: Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne og arbeidsløyse for personar i alderen 16 – 67 år. Årsverk i løpet av kalenderåret. Talet på tapte årsverk etter kategori (venstre akse) og sum tapte årsverk i prosent av folkemengda (høgre akse)

Kjelde: NAV

Mange personar bidrar til dei tapte årsverka

Det er ikkje slik at dei tapte årsverka viser at det er ei fast gruppe som står permanent utafor arbeidsmarknaden, tvert i mot er det mange personar med i grunnlagstala for dei tapte årsverka. I overkant av 1,54 millionar personar bidrog til dei 674 000 tapte årsverka i 2018 (tabell 1). Bak kvart tapte årsverk stod det i gjennomsnitt 2,3 personar.

Tabell 1. Talet på personar som er med i grunnlagstala for tapte årsverk i 2018

Talet på personar bak dei tapte årsverka

Tapte årsverk

Talet på personar per tapte årsverk

Uføretrygd

360 352

310 162

1,2

Nedsett Arbeidsevne

252 048

160 835

1,6

Sjukefråvær

888 024

109 533

8,1

Sum redusert arbeidsevne

1 369 430

580 530

2,4

Heilt arbeidslause

209 479

64 189

3,3

Delvis arbeidslause

104 790

13 816

7,6

Arbeidssøkjarar på tiltak

53 259

15 847

3,4

Sum arbeidsledighet

255 700

93 852

2,7

I alt

1   547 372

674 382

2,3

Kjelde: NAV

Det er store forskjellar mellom ordningane når det gjeld kor mange personar som står bak kvart tapte årsverk. Uførepensjon er ordninga med minst gjennomstrøyming. Bak kvart tapte årsverk i kategorien uførepensjon står det 1,2 personar. Uførepensjon er ei ordning for personar med varig nedsett arbeidsevne, og dei fleste med uførepensjon er i denne ordninga til dei fyller 67 år. Sjukefråvær er kategorien med høgast gjennomstrøyming. Dei fleste som vert sjukmelde er tilbake i arbeid etter ein kort periode. Bak kvart tapte årsverk på grunn av sjukefråvær sto det 8,1 personar i 2016.

I den vidare framstillinga vil vi samanlikna tal frå 2018 med tal frå 2005, og drøfta utviklinga i denne perioden. For ei grundigare utgreiing om tapte årsverk i dei mellomliggjande åra viser vi til tidlegare publiserte NAV- notat (Furuberg og Thune 2017).

Flest tapte årsverk blant kvinner

Frå 2005 til 2018 har tapte årsverk, rekna i prosent av folkemengda, vorte redusert frå 20,0 prosent til 18,9 prosent. Likevel er det store forskjellar i utviklinga når vi ser på ulike aldersgrupper og kvinner og menn for seg. Tapte årsverk er høgare blant kvinner enn blant menn, og forskjellen har auka frå 2005 til 2018 (fig.2). I 2005 utgjorde tapte årsverk blant kvinner samla 22 prosent av alle kvinner i alderen 16- 67 år, blant menn var det tilsvarande talet 18,1 prosent. Både blant kvinner og menn har prosentdelen tapte årsverk vorte redusert frå 2005 til 2018, men nedgangen er størst blant menn. I 2018 svarte tapte årsverk i prosent av folkemengda til 21,4 prosent av kvinnene og 16,5 prosent av mennene. Ser vi på utviklinga i ulik aldersgrupper, så er tapte årsverk høgare blant unge menn enn blant unge kvinner, men medan andelen helt seg relativt stabil blant menn i alderen 20 – 40 år, aukar andelen tapte årsverk jamt med alderen blant kvinner. Frå 2005 til 2018 har andelen tapte årsverk minka blant kvinner under 30 år og dei 55 år og eldre, medan det har vore ein liten auke i aldersgruppa 30–54 år. Blant menn har andelen tapte årsverk gått ned i alle aldersgrupper, men mest blant dei eldste.

Figur 2. Sum tapte årsverk i prosent av folkemengda etter kjønn og alder. 2005 og 2018

Kjelde: NAV

Blant kvinner har det samla vore ein auke i prosentdelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne med 0,6 prosentpoeng frå 2005 til 2018. Auken har kommer i alle aldersgrupper mellom 18 og 54 år, medan det har vore ein nedgang blant dei eldste kvinnene ( fig.3). Blant alle menn har det tilsvarande vore ein nedgang på 0,7 prosentpoeng. Også blant unge menn 18-30 år har det vore ein auke i prosentdelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne, medan det har vore ein nedgang i nesten alle aldersgrupper over 30 år.

Figur 3. Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne, i prosent av folkemengda etter kjønn og alder. 2005 og 2018

Kjelde: NAV

Både for kvinner og menn har det vore ein særleg stor nedgang i tapte årsverk på grunn redusert arbeidsevne blant personar over 60 år. Truleg kan noko av denne nedgangen forklarast av pensjonsreforma som kom i 2011 og som gjorde det mogeleg for fleire å pensjonera seg heilt eller delvis frå 62 år. Samstundes har yrkesdeltakinga blant eldre auka. Forventa yrkesaktivitet etter 50 år har auka med 2,4 år frå 2001 til 2017 (Bjørnstad 2019). Betre helse, auka utdanningsnivå og færre arbeidsplassar med fysisk krevjande arbeid, har truleg ført til at det er lettare for eldre å bli verande i arbeid.

I 2018 var arbeidsmarknaden prega av nedgang i arbeidsløysa og aukande etterspørsel etter arbeidskraft. Dette var også tilfelle i 2005, men arbeidsløysa var høgare i 2005 enn i 2018 (NAV 2019). Situasjonen på arbeidsmarknaden er truleg hovudforklaringa til at tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse er lågare blant begge kjønn i 2018 samanlikna med 2005 (fig.4). Blant kvinner var det ein nedgang i tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse i alle aldersgrupper, men nedgangen var størt i aldersgruppa 20 – 29 år. For menn var det ei tilsvarande utvikling, sett bort frå blant menn 62 år og eldre der det har vore ein liten auke.

Figur 4. Tapte årsverk på grunn arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter kjønn og alder. 2005 og 2018

Kjelde: NAV

Utviklinga frå 2005 til 2018 kan vi summera opp ved at det har vore ein nedgang i tapte årsverk for både kvinner og menn. Nedgangen i tapte årsverk skuldast først og fremst færre tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse. Når det gjeld tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne har det samla vore ein nedgang blant menn og ein auke blant kvinner. Blant unge under 30 år har det vore ein auke både blant kvinner og menn.

Fødeland og innvandrardefinisjon.

I artikkelen har vi brukt opplysningar om fødeland til å definera innvandrarstatus. Vi definerer her alle som er født i utlandet som innvandrarar. Denne definisjonen inkluderer fleire personar enn det vi vanlegvis reknar som innvandrarar, men det er den beste tilnærminga vi kan ta ut i frå dei data vi har. I estimata over utviklinga i tapte årsverk etter fødeland har vi brukt NAV side data frå Folkeregisteret for å finna fødeland for alle personar som inngår i dei tapte årsverka. Når vi reknar tape årsverk i prosent av folkemengda for eit gitt år bruker vi middelfolkemengda for dette året. For den totale middelfolkemengda har vi brukt data over folketalet frå SSB. For å finna middelfolkemengda fordelt på fødeland har vi brukt NAV sine data frå Folkeregisteret.

Ingen forskjell i prosentdelen tapte årsverk totalt mellom norskfødde og innvandrarar

Frå 2005 til 2018[3]Vi har sett på utviklinga i tapte årsverk for personar født i Noreg og innvandrarar for åra 2005, 2009,2014, 2017 og 2018. I teksten omtalar vi åra 2005 og 2018. For dei andre åra viser vi til vedlegg med tabellar. har talet på tapte årsverk blant innvandrarar auka (fig. 5). Årsaka til dette er at innvandringa til Noreg har auka sterkt, særleg i perioden fram til 2012 (SSB 2019a). Ser vi på årsverk blant innvandrarar i prosent av innvandrarfolkemengda finn vi ein klar nedgang frå 2005 til 2009. Frå 2009 til 2018 er det ein nedgang både blant innvandrarar og blant personar født i Noreg.

Figur 5. Talet på tapte årsverk etter fødeland (venstre akse) og tapte årsverk i prosent av folkemengda etter fødeland (høgre akse). 2005, 2009, 2014, 2017 og 2018

Kjelde: NAV

I 2005 utgjorde tapte årsverk blant innvandrarar 21,5 prosent av innvandrarfolkemengda, medan det tilsvarande talet for personar født i Noreg var 19,7 prosent. Det har vore ein nedgang i tapte årsverk i prosent av folkemengda for begge grupper, men nedgangen er størst for innvandrarar. For begge grupper utgjorde alle tapte årsverk i 2018 18,9 prosent av folkemengda. Blant innvandrarar har det vore ein nedgang i alle aldersgrupper (fig.6), medan det blant personar født i Noreg har vore ein stor nedgang i dei eldste aldersgruppene og også ein liten nedgang blant dei yngre enn 30 år. Blant norskfødde i alderen 30 til 55 år har det vore mindre endringar.

Figur 6. Tapte årsverk i prosent av folkemengda etter alder og fødeland. 2005 og 2018

Kjelde: NAV

Nedgangen i tapte årsverk blant innvandrarar må sjåast i samanheng med veksten i denne gruppa i folkemengda. Etter utvidinga av EU i 2004 har arbeidsinnvandringa frå EU gjort at samansetjinga av folkemengda med innvandrarbakgrunn har endra seg. Arbeidsinnvandrarar, særleg frå Aust- Europa, utgjer ein større del av innvandrarane i 2018 enn i 2005. Arbeidsinnvandrarar har ein betre helseprofil enn flyktningar (Folkehelseinstituttet 2018), noko som kan bidra til ein nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne blant innvandrarar samla. På den andre sida er innvandrar meir utsett for arbeidsløyse enn norskfødde, noko som kan føra til fleire tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse i denne gruppa.

Ser vi på tala for 2018 så er prosentdelen tapte årsverk høgast blant norskfødde for alle under 40 år, medan prosentdelen er høgast blant innvandrarar for personar 40 år og eldre.

Norskfødde taper flest årsverk på grunn av redusert arbeidsevne

Sjølv om summen av tapte årsverk i prosent av folkemengda er like høg for innvandrarar og norskfødde, er biletet annleis når vi ser på korleis dette fordeler seg på type årsverk. Samla er prosentdelen tapte årsverk i kategorien redusert arbeidsevne høgast blant personar født i Noreg, og prosentdelen har også auka i perioden 2005 til 2018. I 2005 utgjorde tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne 16,6 prosent av folkemengda i yrkesaktiv alder blant personar født i Noreg. Blant innvandrarar var den tilsvarande prosentdelen 13,8. Frå 2005 til 2018 auka prosentdelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne med 0,3 prosentpoeng blant personar født i Noreg ( fig.7) Det har vore ein auke i alle aldersgrupper under 54 år, men auken har vore størst blant dei mellom 22 år og 37 år. Blant personar 54 år og over har det vore ein kraftig nedgang, men denne nedgangen er ikkje stor nok til å vega opp for auken blant dei yngre. For innvandrarar er det ein nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne på 0,4 prosentpoeng i perioden. I denne gruppa er det ein liten auke blant dei som er tidleg i 20-åra, medan det er ein nedgang i dei fleste andre aldersgrupper. Både i 2005 og i 2018 er andelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne høgare blant norskfødde enn blant innvandrarar i dei yngste aldersgruppene, medan det er ein høgare prosentdel tapte årsverk blant innvandrarar i dei eldste aldersgruppe.

Figur 7. Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne etter alder og fødeland, 2005 og 2018. I prosent av folkemengda i kvar gruppe

Kjelde: NAV

Mange tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse blant innvandrarar

Medan tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse aukar med aukande alder opp til 30 år blant innvandrarar, er det ingen slik auke blant norskfødde (fig.8) Avhengig av kor lang utdanning ein har, så er det i aldersgruppa fram til 30 år at ein etablerer seg på arbeidsmarknaden. Vanlegvis er arbeidsløysa høgare blant unge i overgangen mellom utdanning og etablering i arbeidslivet samanlikna med eldre yrkesaktive. Blant personar født i Noreg er det høgast prosentdel tapte arbeidsårsverk blant 19- åringane, medan andelen er høgast for 30 –åringane blant innvandrarar. Det er få tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse blant unge norskfødde, og fleire tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne, samanlikna med innvandrarungdom. Dette kan tyda på at problem med å komma inn på arbeidsmarknaden blant unge i større grad blir sett på som eit helseproblem for norskfødd ungdom enn for innvandrarungdom.

Figur 8. Tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse etter alder og fødeland, 2005 og 2018. I prosent av folkemengda i kvar gruppe

Kjelde: NAV

Lågare arbeidsløyse i 2018 enn i 2005 har ført til ein nedgang i prosentdelen tapte årsverk knytt til arbeidsløyse for alle. Nedgangen er størst blant innvandrarar, frå 7,7 prosent i 2005 til 5,5 prosent i 20018. For personar født i Noreg er dei tilsvarande tala 3,2 prosent i 2005 og 1,8 prosent i 2018. Blant innvandrarar har det vore ein nedgang i alle aldersgrupper så nær som for personar i alderen 58 år til 63 år, der det har vore ein liten auke. Blant norskfødde har det vore ein nedgang i tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse i alle aldersgrupper.

Fleire tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne særleg blant unge fødd i Noreg

Kvinner født i Noreg taper fleire årsverk på grunn av redusert arbeidsevne enn innvandrarkvinner (fig.9).

Figur 9. Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne i prosent av folkemengda etter alder, år og fødeland. Kvinner

Kjelde: NAV

I 2005 utgjorde tapte årsverk i denne kategorien 18,9 prosent av folkemengda blant kvinner født i Noreg. Trass i ein nedgang blant dei eldste kvinnene i yrkesaktiv alder auka prosentdelen tapte årsverk blant kvinner født i Norge med 1,1 prosentpoeng frå 2005 til 2018. Prosentdelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne aukar for alle kvinner født i Noreg i alderen 18-53 år, men auken er størst for kvinner i starten av 30-åra. Blant innvandrarkvinner utgjorde tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne 14,8 prosent av folkemengda i 2018, ein auke på 1,7 prosentpoeng frå 2005. Sjølv om andelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne er lågare blant innvandrarkvinner, så har auken vore sterkare enn blant kvinner født i Noreg. Auken er sterkast for dei eldste innvandrarkvinnene. At kvinner født i Noreg taper fleire årsverk på grunn av redusert arbeidsevne samanlikna med kvinner født i utlandet kan henga saman med at mottak av helserelaterte stønader som arbeidsavklaringspengar og uføretrygd er avhengige av butid i Noreg. Når det gjeld tapte årsverk på grunn av sjukefråvær så må ein vera sysselsett for å ha sjukefråvær. Sysselsetjinga blant innvandrarkvinner varierer mykje med landbakgrunn, men er i gjennomsnitt lågare enn blant kvinner i majoritetsfolkemengda (SSB 2019 d).

Menn født i Noreg taper fleire årsverk i 2018 på grunn av redusert arbeidsevne enn innvandrarmenn (figur10). I begge grupper har det vore ein nedgang i tapte årsverk i denne kategorien frå 2005 til 2018. Nedgangen er sterkast blant innvandrarmenn, frå 14,4 prosent i 2005 til 12,0 prosent i 2018. Nedgangen har kome i alle aldersgrupper. Truleg har samansetjinga av menn med innvandrarbakgrunn endra seg i åra etter 2005. I denne perioden har det kome mange arbeidsinnvandrarar særleg frå Aust-Europa. Arbeidsinnvandrarar har gjerne betre helse enn andre innvandrarar, dette kan ha bidrege til nedgangen. Blant menn født i Noreg har det tilsvarande vore ein auke i prosentdelen tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne for alle i alderen 18-45 år. Ein kraftig nedgang i dei eldste aldersgruppene har likevel ført til at det samla er ein nedgang frå 14,3 prosent av folkemengda i 2005 til 13,9 prosent i 2018.

Figur 10. Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne, i prosent av folkemengda etter alder, år og fødeland. Menn

Kjelde: NAV

Situasjonen på arbeidsmarknaden er avgjerande for kor mange årsverk som går tapt på grunn av arbeidsløyse. I 2005 var den registrerte arbeidsløysa på 3,5 prosent mot 2,4 prosent i 2018 (NAV 2019). Dette har før til at langt færre årsverk gjekk tapt på grunn av arbeidsløyse både blant kvinner, menn, norsk-fødde og innvandrarar i 2018 samanlikna med 2005 ( fig. 11 og fig.12).

Figur 11. Tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter alder, år og fødeland. Kvinner

Kjelde: NAV

Figur 12. Tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter alder, år og fødeland. Menn

Kjelde: NAV

Blant kvinner født i Noreg er det ein nedgang i alle aldersgrupper, men nedgangen er størst blant kvinner i slutten av 20-åra der tapte årsverk grunna arbeidsløyse er meir enn halvert rekna i prosent av folkemengda (fig.11). Også blant innvandrarkvinner har det vore ein nedgang i dei yngste aldersgruppene, medan det er små endringar blant dei eldste. Innvandrarkvinner har klart høgare prosentdel tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse samanlikna med kvinner født i Noreg både i 2005 og i 2018.

For menn er nedgangen størst blant innvandrarar (fig.12) I 2005 utgjorde tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse 8,3 prosent av folkemengda blant innvandrarmenn, i 2018 var dette redusert til 5,2 prosent. Nedgangen kom i dei fleste aldersgrupper under 56 år, men er sterkast blant dei yngste. Blant menn født i Noreg var det ein samla nedgang i prosentdelen tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse frå 3,2 prosent av folkemengda i 2005 til 2,1 prosent i 2018. Spesielt for menn født i Noreg er det at andelen tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse er høgast blant 20-åringane, for deretter å falla raskt til eit lågare nivå. Innvandrarmenn taper flest årsverk i denne kategorien når dei er noko eldre, og tapte årsverk fell ikkje så raskt med alderen.

Oppsummering og diskusjon

Vi har sett at summen av årsverk som går tapt i produksjonen av varer og tenester i Noreg har vist ein liten nedgang over tid. Frå 2005 til 2018 er andelen tapte årsverk samla i prosent av folkemengda redusert frå 20,0 prosent til 18,9 prosent. Nedgangen frå 2005 til 2018 skuldast først og fremst tilhøva på arbeidsmarknaden og færre tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse for kvinner og menn i dei fleste aldersgrupper. Langt dei fleste årsverka som går tapt skuldast redusert arbeidsevne. Talet på tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne har auka blant kvinner og minka blant menn frå 2005 til 2018. Blant dei eldste i yrkesaktiv alder er det ein nedgang både for kvinner og menn, medan det har vore ein auke blant kvinner opp til 55 år og for menn opp til 30 år.

Når vi ser på utviklinga etter fødeland i denne perioden, får vi eit meir nyansert bilde. Samla har det vore ein nedgang i tapte årsverk i prosent av folkemengd både for norskfødde og for innvandrarar, men nedgangen er størst for innvandrarar. Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne har auka blant personar født i Noreg, og særleg i aldersgruppa 22 til 37 år. Blant innvandrarar har det vore ein nedgang. Når vi ser på utviklinga for kvinner og menn kvar for seg, har auken vore sterkast blant innvandrarkvinnene, og her har auken særleg kome blant dei eldste. Likevel er tapte årsverk blant kvinner fødd i Noreg over 5 prosentpoeng høgare enn blant innvandrarkvinner. For norskfødde kvinner har det også vore ein auke, og den har kome blant kvinner under 55 år. Sjølv om tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne har vorte redusert blant menn fødd i Noreg, har det vore ein auke blant dei under 45 år.

Samanlikna med 2005 finn vi i 2018 ein større prosentdel tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne særleg blant unge norskfødde, samstundes som det er få tapte årsverk knytt til arbeidsløyse i denne gruppa. Utviklinga kan skuldast fleire forhold. Tal frå SSB viser at sysselsettinga har gått ned over tid blant unge (SSB 2019 c). Først og fremst kjem det av at fleire unge tar lengre utdanning, og dei unge er eldre når dei skal etablera seg på arbeidsmarknaden enn tidlegare. Samstundes har andelen unge, som er mottakarar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd utan først å ha prøvd seg i arbeidslivet, auka. Denne auken skuldast i liten grad at ungdommen har vore i utdanning i perioden før stønadsmottak (Fedoryshyn 2019). For ein del unge er vanskane med å komma seg inn på arbeidsmarknaden samansette, det kan skuldast både redusert arbeidsevne og ein mismatch mellom eigne kvalifikasjonar og ledige jobbar. Når tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne aukar i dei årskulla der det er aktuelt å etablera seg på arbeidsmarknaden, samstundes som det er ein nedgang i tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse, kan dette tyda på ei aukande medikalisering. For ungdom der vanskane med å komma inn på arbeidsmarknaden er samansette, har det vist seg at det å motta arbeidsavklaringspengar har ein negativ innverknad på framtidig yrkesdeltaking (Schreiner 2016). Dersom det er slik at ein legg meir vekt på ungdomen sin (reduserte) arbeidsevne enn mangelen på høveleg arbeid, kan dette føra til ei uheldig utvikling for dei unge på sikt.

Når vi samanliknar tapte årsverk blant innvandrarar i 2005 og i 2018, så har det skjedd store demografiske endringar i denne gruppa, noko som truleg er ei viktig forklaring på utviklinga. Både mottak av uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, som utgjer ein vesentleg del av dei tapte årsverka til redusert arbeidsevne, krev at ein har ei viss butid i Noreg, og sjukefråvær krev at ein er sysselsett. For å telja med som tapt årsverk på grunn av arbeidsløyse krev det at ein er ein registrert arbeidssøkjar. Vi veit at yrkesdeltakinga i gjennomsnitt er lågare blant innvandrarar enn i majoritetsfolkemengda, noko som vil trekkja talet på tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse ned. I tillegg til utviklinga i innvandringa til Noreg i tida framover, vil også lengre butid og større integrering på arbeidsmarknaden blant innvandrarar som er busette no, kunna endra biletet på både arbeidde årsverk og tapte årsverk blant innvandrarar i framtida.

Referansar

Bjørnstad, Atle Fremming (2019). «Utviklingen i sysselsetting og pensjonering blant seniorer». Arbeid og velferd, 2, 43–55.

Fedoryshyn, Nadiya (2019) Flere unge uføre- færre arbeider samtidig. SSB Nettartikkel publisert 31. mai

Tilgjengelig fra https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/ flere-unge-ufore-faerre-arbeider-samtidig OsloKongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Folkehelseinstituttet (2018) Helse i innvandrerbefolkningen, Folkehelserapporten 2018. Nettartikkel publisert 22.02.2017 Oppdatert 14.05.2018 Henta frå https://www.fhi.no/nettpub/hin/grupper/helse-i-innvandrerbefolkningen/

Furuberg, Jorunn og Ola Thune (2017). «687 000 tapte årsverk i 2016». NAV notat 2/2017. Oslo: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Jacobsen, Ove (2018) «AFP i privat sektor – endringer i mottak av arbeidsavklaringspenger og uføretrygd». Arbeid og velferd, 1, 35–43.

Kalstø, Åshild Male og Inger Cathrine Kann (2018) «Færre på helserelaterte ytlelser – friskere befolkning?» Arbeid og velferd, 4, 3–18.

NAV (2019) Historisk arbeidsmarkedsstatstikk. Tilgjengelig frå https://www.nav.no/no/NAV+og+samfunn/Statistikk/Arbeidssokere+og+ stillinger+-+statistikk/Historisk+statistikk.

SSB(2019a) Statistikkbanken tabell 07459: (Befolkning, etter region, kjønn, alder, statistikkvariabel og år) tilgjenegelig fra https://www.ssb.no/statbank/table/07459 og Statistikkbanken tabell 05182 (Personer, etter innvandringskategori, statistikkvariabel og år) tilgjenegelig fra https://www.ssb.no/statbank/table/05182 OsloKongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

SSB(2019b) Statistikkbanken tabell 07115: (Registrerte helt arbeidsledige innvandrere og deltakere på tiltak 15-74 år, i prosent av arbeidsstyrken eller bosatte, etter landbakgrunn (verdensregion) og bostedskommune/-fylke (K) 2001K1 - 2019K2 – henta 23. august 2019) Tilgjengelig frå https://www.ssb.no/statbank/table/07115/ OsloKongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

SSB (2019c) Statistikkbanken. Tabell 09837 (Sysselsatte. 4. kvartal, etter landbakgrunn, kjønn, alder, statistikkvariabel og år – henta 23 august 2019 ) Tilgjengelig frå https://www.ssb.no/statbank/table/09837 OsloKongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

SSB (2019 d) Statistikkbanken. Tabell 03780: (Personer i arbeidsstyrken (AKU), etter alder, kjønn, statistikkvariabel og år – henta 23. august 2019). Tilgjengelig frå OsloKongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Screiner (2016). Unemployed or Disabled? The Effects of Medicalizing Youths by Granting Temporary Disability Benefit.

Vedlegg

Tabell v1. Sum tapte årsverk og tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne og arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter kjønn, alder og fødeland, 2009

Redusert arbeidsevne

Arbeidsløyse

Tapte årsverk

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Alder

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

16

0,1

0,0

0,1

0,1

0,7

0,5

0,8

0,7

0,8

0,6

1,0

0,8

17

0,3

0,2

0,4

0,4

1,1

1,2

1,4

1,8

1,3

1,5

1,9

2,1

18

2,0

1,5

2,4

1,7

1,8

2,2

2,6

3,6

3,8

3,6

5,0

5,3

19

4,2

2,9

4,5

3,7

2,5

3,4

4,2

5,9

6,6

6,2

8,7

9,7

20

5,5

3,9

5,7

5,0

2,7

4,2

6,2

7,8

8,2

8,1

11,9

12,8

21

6,8

4,5

6,6

5,3

3,0

4,6

6,3

8,2

9,8

9,1

12,9

13,5

22

7,6

5,0

7,1

6,1

2,9

5,0

5,8

8,6

10,5

10,0

12,9

14,7

23

8,5

5,4

7,6

5,8

3,0

5,0

5,6

9,1

11,6

10,4

13,2

14,9

24

9,7

5,5

8,4

5,7

2,9

5,8

5,2

9,2

12,7

11,3

13,7

14,9

25

10,8

5,3

8,4

5,9

2,9

6,6

4,9

8,6

13,6

11,8

13,4

14,5

26

11,5

5,7

8,8

6,1

3,1

6,5

4,8

8,4

14,5

12,2

13,7

14,5

27

12,2

6,0

9,2

5,8

3,0

6,7

4,5

8,3

15,2

12,8

13,7

14,1

28

12,9

6,8

9,6

5,7

3,0

6,7

4,2

8,3

15,9

13,5

13,8

14,1

29

13,1

6,8

9,7

6,4

2,9

6,9

3,9

8,4

15,9

13,8

13,6

14,7

30

13,9

7,4

10,0

6,6

2,8

7,2

3,8

8,6

16,7

14,6

13,8

15,2

31

14,0

8,3

9,6

6,8

2,6

7,6

3,6

8,6

16,7

15,9

13,2

15,4

32

14,3

9,0

10,0

7,2

2,5

7,7

3,3

7,9

16,8

16,7

13,3

15,1

33

14,8

9,7

10,2

7,7

2,5

7,7

3,1

8,3

17,3

17,4

13,3

16,0

34

15,0

10,2

10,3

8,2

2,5

8,0

3,0

8,3

17,5

18,2

13,3

16,5

35

15,5

10,8

10,7

8,2

2,4

7,8

2,8

8,3

17,9

18,6

13,5

16,6

36

16,0

11,4

11,0

8,7

2,3

7,2

2,8

8,0

18,3

18,6

13,7

16,8

37

16,1

11,5

11,1

9,4

2,1

6,8

2,6

8,3

18,3

18,4

13,7

17,7

38

16,8

12,7

11,4

10,1

2,1

7,5

2,6

7,9

19,0

20,3

14,1

18,0

39

17,2

13,1

11,4

11,0

2,0

7,3

2,5

8,1

19,2

20,4

13,9

19,1

40

17,6

13,7

11,9

11,7

2,0

7,0

2,4

7,8

19,6

20,7

14,3

19,5

41

18,3

14,9

12,2

12,2

1,9

6,9

2,4

7,7

20,2

21,7

14,6

19,9

42

18,8

15,2

12,7

12,8

1,9

6,6

2,2

7,8

20,7

21,8

14,9

20,6

43

19,0

16,8

13,3

14,3

1,8

6,0

2,2

7,0

20,8

22,8

15,6

21,2

44

19,3

17,9

13,3

15,3

1,7

6,4

2,4

7,6

21,1

24,3

15,7

22,9

45

19,9

18,4

13,5

15,1

1,6

5,5

2,2

7,3

21,6

23,8

15,7

22,3

46

20,7

18,6

13,9

16,0

1,6

5,5

2,2

7,2

22,3

24,1

16,1

23,2

47

20,9

20,7

14,3

17,2

1,5

5,0

2,0

7,1

22,4

25,7

16,3

24,4

48

21,3

21,7

14,9

16,7

1,4

4,8

2,1

7,0

22,7

26,5

17,0

23,7

49

22,1

22,3

15,5

18,9

1,5

4,6

2,0

7,7

23,6

26,9

17,5

26,6

50

23,0

22,7

16,1

19,3

1,4

4,5

2,0

7,2

24,4

27,2

18,0

26,5

51

23,8

24,9

16,8

19,7

1,3

4,6

2,0

7,4

25,2

29,5

18,8

27,0

52

25,2

25,5

17,4

20,0

1,3

3,8

1,8

6,7

26,6

29,3

19,2

26,8

53

25,7

26,0

18,3

22,6

1,3

3,8

1,8

6,5

27,0

29,8

20,1

29,1

54

27,2

27,3

19,3

23,5

1,2

3,4

1,8

6,7

28,4

30,8

21,1

30,2

55

28,2

27,9

20,0

25,4

1,1

3,3

1,8

5,8

29,4

31,2

21,9

31,2

56

29,9

31,4

21,3

26,9

1,1

3,2

1,9

5,1

31,1

34,5

23,2

32,1

57

30,9

30,5

22,0

29,8

1,1

2,7

1,8

4,9

32,0

33,2

23,8

34,7

58

32,8

31,0

23,8

31,9

1,1

2,3

1,9

4,8

33,9

33,3

25,7

36,7

59

34,9

35,1

25,4

34,3

1,1

2,3

1,9

3,8

36,0

37,4

27,3

38,2

60

36,7

33,5

27,0

34,6

1,2

1,7

1,9

3,5

37,9

35,3

28,9

38,1

61

39,8

34,1

29,8

38,0

1,1

1,8

1,8

3,6

40,9

35,8

31,6

41,6

62

41,1

36,9

30,8

41,8

1,0

1,3

1,4

3,1

42,0

38,2

32,3

45,0

63

42,5

36,3

32,4

40,7

1,0

1,4

1,5

2,3

43,6

37,7

33,8

43,0

64

42,5

43,4

33,5

43,6

1,1

1,3

1,5

3,4

43,6

44,7

35,0

47,0

65

45,0

41,7

34,5

43,4

1,3

1,2

1,7

2,8

46,3

42,9

36,2

46,2

66

45,0

40,3

34,9

43,6

1,3

1,7

1,8

2,8

46,3

42,0

36,7

46,5

67

3,0

3,1

2,5

3,9

0,1

0,1

0,2

0,5

3,1

3,3

2,7

4,4

16 - 67

19,9

13,6

14,4

12,7

1,8

5,7

2,7

7,3

21,8

19,3

17,1

20,0

N

278628

27855

208132

27853

25746

11569

39549

15852

304374

39424

247680

43704

Kjelde: NAV

Tabell v2. Sum tapte årsverk og tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne og arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter kjønn, alder og fødeland, 2014

Redusert arbeidsevne

Arbeidsløyse

Sum tapte årsverk

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Alder

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

16

0,0

0,0

0,0

0,0

0,3

0,1

0,3

0,2

0,3

0,1

0,3

0,3

17

0,2

0,1

0,2

0,2

0,6

0,5

0,6

0,5

0,8

0,6

0,8

0,7

18

2,1

1,1

2,3

1,7

1,5

1,7

1,9

2,2

3,6

2,8

4,2

3,9

19

3,9

2,6

4,5

2,9

2,3

3,1

3,2

4,9

6,2

5,7

7,7

7,8

20

5,8

3,4

5,9

4,3

2,9

3,7

4,7

5,9

8,7

7,1

10,6

10,2

21

6,9

4,0

7,0

5,3

3,1

4,2

4,8

6,6

10,0

8,2

11,8

11,9

22

7,8

4,7

7,6

5,6

3,1

4,4

4,4

6,9

10,9

9,1

12,0

12,6

23

8,9

4,6

8,1

5,7

3,4

5,3

4,2

6,4

12,3

9,9

12,3

12,1

24

9,8

4,9

8,5

5,4

3,4

6,1

4,0

6,3

13,2

11,0

12,5

11,7

25

10,4

5,1

8,7

5,5

3,4

6,1

3,7

6,1

13,8

11,2

12,4

11,6

26

11,4

5,4

8,8

4,8

3,6

7,0

3,6

6,3

14,9

12,4

12,5

11,0

27

12,1

6,0

8,9

5,3

3,4

7,6

3,3

6,8

15,4

13,7

12,3

12,1

28

12,8

6,6

9,5

5,2

3,4

7,9

3,2

6,9

16,2

14,5

12,6

12,1

29

13,3

6,6

10,0

5,2

3,5

8,3

3,2

7,2

16,7

14,9

13,2

12,5

30

14,2

7,0

10,0

5,4

3,2

8,6

3,1

7,4

17,4

15,6

13,1

12,7

31

14,4

7,4

10,3

5,5

3,1

8,6

3,0

6,6

17,5

16,1

13,3

12,1

32

14,8

8,1

10,6

6,1

3,0

8,8

2,9

6,9

17,7

16,9

13,4

13,0

33

15,2

8,7

10,8

6,0

2,8

8,7

2,8

7,0

18,0

17,5

13,6

13,1

34

15,1

9,4

10,8

6,6

2,5

8,9

2,6

7,0

17,6

18,3

13,4

13,6

35

15,9

9,9

10,9

7,0

2,4

8,7

2,5

6,8

18,3

18,7

13,4

13,8

36

16,1

10,7

10,7

7,3

2,3

8,4

2,3

6,7

18,4

19,1

12,9

14,0

37

16,4

11,7

11,0

7,5

2,2

8,2

2,4

6,7

18,6

19,9

13,4

14,1

38

16,8

12,3

11,2

8,0

2,1

8,1

2,2

6,7

18,9

20,4

13,5

14,8

39

17,3

12,8

11,5

8,6

2,1

7,8

2,0

6,8

19,4

20,6

13,6

15,4

40

17,5

13,7

11,8

9,3

2,0

7,5

2,0

6,9

19,6

21,2

13,9

16,2

41

18,0

14,8

12,1

9,7

1,9

7,2

1,9

6,9

19,9

22,0

14,0

16,6

42

18,3

15,3

12,2

10,7

1,8

7,1

2,0

6,7

20,1

22,3

14,1

17,3

43

19,1

16,8

12,6

11,4

1,8

7,3

1,9

6,6

21,0

24,1

14,5

18,0

44

19,7

17,1

12,8

12,4

1,8

7,0

1,8

6,7

21,5

24,1

14,6

19,1

45

19,9

17,8

13,3

13,3

1,6

6,4

1,8

7,0

21,6

24,2

15,1

20,3

46

20,6

19,3

13,8

14,3

1,7

6,2

1,7

6,7

22,3

25,5

15,5

21,0

47

21,6

19,5

14,5

15,0

1,6

6,1

1,8

6,5

23,2

25,6

16,3

21,5

48

21,9

21,2

15,3

16,7

1,6

5,3

1,9

6,5

23,6

26,6

17,2

23,2

49

22,6

22,8

15,3

18,0

1,4

5,6

1,8

6,4

24,1

28,4

17,1

24,3

50

23,1

23,2

15,7

18,0

1,4

5,0

1,7

6,0

24,5

28,2

17,4

23,9

51

24,3

23,6

16,4

19,1

1,4

5,2

1,7

6,2

25,7

28,7

18,1

25,2

52

24,6

26,0

17,2

20,9

1,4

4,7

1,6

5,8

26,0

30,7

18,9

26,6

53

25,0

27,0

17,6

21,1

1,3

4,7

1,7

5,7

26,3

31,6

19,3

26,8

54

26,5

28,1

18,8

22,2

1,3

4,2

1,6

6,4

27,8

32,3

20,3

28,6

55

27,6

28,9

19,5

24,1

1,2

4,0

1,5

5,4

28,7

32,9

21,1

29,5

56

28,8

30,2

20,7

24,8

1,2

3,8

1,6

5,9

30,0

34,0

22,4

30,7

57

30,2

31,7

21,5

25,4

1,2

3,2

1,5

5,4

31,4

34,9

23,0

30,8

58

31,2

32,2

22,7

28,8

1,1

3,3

1,4

5,9

32,3

35,5

24,1

34,6

59

33,1

33,7

24,4

30,2

1,0

2,6

1,4

5,2

34,1

36,3

25,8

35,4

60

34,6

35,6

25,8

32,9

0,9

2,3

1,4

4,7

35,5

37,9

27,2

37,6

61

37,1

39,5

27,4

35,0

0,9

1,7

1,5

4,2

38,0

41,2

28,9

39,2

62

37,5

37,7

27,0

37,4

0,9

1,9

1,4

4,3

38,4

39,6

28,5

41,7

63

39,5

39,3

28,7

40,9

0,9

2,1

1,4

3,7

40,4

41,4

30,2

44,6

64

41,7

42,5

29,7

42,7

0,9

1,6

1,4

2,7

42,7

44,0

31,1

45,4

65

42,4

41,2

30,0

43,5

0,9

1,2

1,2

2,6

43,3

42,4

31,1

46,1

66

43,1

38,7

30,8

42,5

0,7

0,5

0,9

2,3

43,8

39,3

31,7

44,8

67

3,2

3,1

2,3

3,7

0,1

0,1

0,1

0,3

3,2

3,2

2,4

4,1

16 - 67

19,5

13,6

13,9

11,3

1,9

6,4

2,2

6,2

21,4

19,9

16,1

17,5

N

275347

39422

202705

36758

26604

18518

32241

20157

301951

57940

234945

56915

Kjelde: NAV

Tabell v.3 Sum tapte årsverk og tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne og arbeidsløyse, i prosent av folkemengda etter kjønn, alder og fødeland, 2017

Redusert arbeidsevne

Arbeidsløyse

Sum tapte årsverk

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Alder

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

Norsk­fødde

Innvan­drarar

16

0,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,1

0,0

0,1

0,0

17

0,0

0,0

0,1

0,0

0,1

0,1

0,2

0,2

0,2

0,1

0,3

0,2

18

2,2

1,4

2,4

1,6

1,0

1,2

1,4

1,6

3,2

2,6

3,8

3,1

19

4,4

2,7

4,5

2,9

1,9

2,6

2,7

4,0

6,3

5,3

7,2

6,9

20

6,3

3,9

6,1

4,3

2,6

3,4

4,8

5,0

8,8

7,3

10,8

9,3

21

7,4

4,6

7,2

5,4

2,6

3,6

5,0

5,5

10,0

8,1

12,2

10,9

22

8,3

4,9

8,1

5,9

2,6

4,3

4,3

5,9

10,9

9,2

12,4

11,8

23

9,4

4,9

8,6

6,1

2,7

4,9

4,0

5,9

12,1

9,7

12,6

12,0

24

10,4

5,4

9,4

6,3

2,8

5,3

3,9

6,0

13,3

10,7

13,3

12,3

25

11,2

5,7

9,4

6,3

2,8

5,5

4,0

5,8

14,0

11,2

13,4

12,1

26

12,1

5,9

9,6

6,3

3,1

6,6

3,9

6,3

15,2

12,5

13,5

12,6

27

13,1

6,4

9,9

5,9

3,2

7,2

3,8

6,3

16,3

13,6

13,8

12,3

28

13,7

6,8

10,2

6,1

3,1

7,3

3,6

6,2

16,8

14,1

13,8

12,3

29

14,5

7,1

10,2

5,8

3,0

7,5

3,7

6,5

17,6

14,6

13,9

12,3

30

15,0

7,6

10,1

6,3

2,9

8,4

3,6

6,6

17,9

16,0

13,7

12,9

31

15,6

8,3

10,5

6,2

2,9

8,6

3,5

6,6

18,5

16,9

14,0

12,8

32

15,9

8,7

11,1

6,3

2,8

8,8

3,3

7,0

18,7

17,5

14,4

13,3

33

16,6

9,3

11,1

6,7

2,7

9,2

3,2

7,0

19,4

18,5

14,3

13,7

34

16,8

9,6

11,4

6,6

2,6

8,8

3,2

6,8

19,4

18,4

14,5

13,4

35

16,9

9,9

11,6

7,3

2,5

9,0

3,0

6,8

19,4

18,9

14,6

14,1

36

17,2

10,4

11,7

7,2

2,4

8,4

2,9

7,0

19,6

18,8

14,6

14,3

37

17,4

11,4

11,8

7,6

2,3

8,8

2,9

6,9

19,7

20,2

14,7

14,5

38

18,3

12,2

12,1

8,1

2,3

8,5

2,7

6,8

20,6

20,7

14,8

14,9

39

18,2

12,4

11,8

8,4

2,0

7,9

2,6

6,6

20,3

20,4

14,4

15,1

40

18,6

13,8

12,0

8,8

2,1

7,8

2,7

6,8

20,7

21,6

14,7

15,6

41

18,9

15,0

12,4

9,4

2,0

7,8

2,5

7,0

20,8

22,8

14,9

16,4

42

19,5

15,3

12,7

10,0

1,9

7,8

2,4

7,1

21,4

23,2

15,1

17,2

43

19,9

16,3

12,9

10,8

1,9

7,1

2,4

7,1

21,8

23,3

15,3

17,9

44

20,3

17,1

13,2

11,4

1,7

6,7

2,4

6,7

22,0

23,8

15,6

18,1

45

20,7

17,8

13,4

12,4

1,7

6,2

2,3

6,4

22,4

24,1

15,7

18,8

46

21,8

19,7

14,0

13,6

1,7

6,2

2,3

6,1

23,5

25,8

16,3

19,7

47

22,3

19,9

14,3

14,3

1,6

6,3

2,4

6,4

24,0

26,3

16,7

20,7

48

22,8

20,9

15,0

15,1

1,6

5,6

2,2

6,9

24,4

26,5

17,2

22,1

49

23,6

22,5

15,4

16,1

1,6

5,5

2,3

6,7

25,2

28,1

17,7

22,8

50

24,8

23,0

16,3

16,8

1,6

5,3

2,2

6,4

26,4

28,3

18,5

23,2

51

24,8

24,5

17,1

18,8

1,7

4,9

2,2

6,5

26,5

29,4

19,3

25,3

52

25,6

26,4

17,3

20,8

1,5

4,8

2,1

6,1

27,2

31,2

19,4

27,0

53

26,0

26,4

17,9

21,6

1,5

4,5

2,1

5,7

27,4

30,9

20,1

27,3

54

27,3

27,2

18,4

22,5

1,4

4,4

2,1

5,9

28,7

31,6

20,6

28,4

55

27,7

29,6

19,4

24,1

1,4

4,2

2,0

5,6

29,0

33,7

21,4

29,7

56

28,6

30,9

20,2

24,7

1,3

4,0

2,1

5,9

30,0

34,9

22,3

30,7

57

30,1

31,9

21,3

27,1

1,3

3,4

2,1

5,6

31,4

35,3

23,5

32,6

58

31,4

32,4

22,2

28,3

1,2

3,7

2,1

5,6

32,6

36,1

24,4

33,9

59

32,5

33,3

23,8

29,9

1,2

3,3

2,1

5,8

33,7

36,6

25,8

35,8

60

34,1

35,4

24,8

30,2

1,2

2,4

1,9

5,5

35,3

37,8

26,7

35,7

61

35,7

36,7

26,2

34,7

1,1

2,3

1,9

5,6

36,8

39,1

28,1

40,2

62

36,7

37,6

26,5

36,0

1,0

2,2

2,0

4,9

37,7

39,8

28,5

40,9

63

37,2

37,9

27,1

38,3

1,0

1,7

2,2

4,6

38,2

39,7

29,3

42,8

64

38,9

41,8

28,0

39,8

1,0

1,4

2,4

3,8

39,8

43,2

30,5

43,5

65

39,1

39,9

27,7

42,7

0,9

1,3

2,2

4,2

40,0

41,2

29,9

46,9

66

40,3

41,0

28,8

43,8

0,8

1,4

1,9

4,2

41,2

42,5

30,7

48,0

67

3,0

3,2

2,1

3,7

0,1

0,1

0,2

0,6

3,1

3,3

2,3

4,2

16 - 67

19,9

14,3

13,9

11,6

1,8

6,3

2,6

6,1

21,7

20,7

16,6

17,7

N

279774

47219

202905

42198

25733

20877

38196

22298

305507

68096

241100

64496

Kjelde: NAV