Arbeidsledighet
Last ned

Kven vart arbeidslause i den første bølga av koronakrisa og korleis har det gått med dei?[1] Takk til Åshild Male Kalstø for hjelp til datauttrekk og Eugenia Vidal-Gil for nyttige innspel og kommentarar.

Av Jorunn Furuberg

Samandrag

Koronakrisa førte i løpet av kort tid til den største auken i arbeidsløysa som nokon gong har vore registrert i Noreg. I løpet av første halvår 2020 vart i underkant av 468 000 nye arbeidssøkjarar registrert hos NAV, ein auke frå 86 400 i same periode i 2019. Ein langt større del av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 var permitterte heilt eller delvis samanlikna med første halvår 2019. Fleire hadde utdanning ut over grunnskolen, og ein større prosentdel var født i Noreg. Særleg unge i alderen 20-29 år vart ramma av nedstenginga våren 2020, men den prosentvise auken i talet på nye arbeidssøkjarar var sterkast for dei eldste i arbeidsstyrken. Samanlikna med dei siste «vanlege» nedgangskonjunkturane var det andre yrkesgrupper som blei råka. I yrkesgruppene butikk- og salsarbeid, reiseliv og transport og innan serviceyrke og anna arbeid var det flest nye arbeidssøkjarar første halvår 2020.

Dei fleste som vart arbeidslause på grunn av smittevernstiltaka våren 2020 var arbeidslause i ein kort periode. Det kan likevel sjå ut som at dei som blir verande arbeidssøkjarar over tid har mange av dei same kjenneteikna som dei som har blitt langtidsledige i andre periodar med høg arbeidsløyse. Eldre, personar utan utdanning ut over grunnskolen og innvandrarar frå ikkje-vestlege land skil seg ut med auka sannsyn for å bli verande arbeidssøkjarar fem månader eller meir. Når vi ser på yrkesgrupper så har personar med bakgrunn frå reiseliv og transport høgast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar.

70 prosent av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 er ute av NAV sine register og i jobb etter åtte månader. Dette er 21 prosentpoeng fleire enn blant dei nye arbeidssøkjarane same periode året før. Når det gjeld yrkesbakgrunn har arbeidssøkjarar med bakgrunn frå bygg -og anleggsarbeid høgast sannsyn for å vera i jobb medan personar utan yrkeserfaring har lågast sannsyn. Å vera født i Noreg, å ha høgare utdanning og det å vera busett i Nordland eller Møre og Romsdal er alle faktorar som gir høgt sannsyn for å vera ute av NAV sine register og i jobb etter åtte månader.

English summary

The corona crisis resulted in the largest increase in unemployment ever recorded in Norway. During the first half of 2020, about 468,000 new jobseekers were registered with NAV, an increase from 86,400 in the same period in 2019. A much larger proportion of the new jobseekers in the first half of 2020 were fully or partly temporary laid off compared with the first half of 2019. Several had an education beyond primary school, and a larger percentage were born in Norway. Young people in the age group 20-29 in particular were affected by the closure in the spring of 2020, but the percentage increase in the number of new jobseekers was strongest for the oldest in the labor force. Compared with the recent "normal" economic downturn other occupational groups were affected. The highest number of new jobseekers happened in the following occupations: shop and sales work, tourism and transport, the service profession and other occupations.

Most people who were unemployed due to infection control measures in the spring of 2020 were unemployed for a short period. Nevertheless, we find that those who become jobseekers over time have many of the same characteristics as those who have become long-term unemployed in other periods with high unemployment. Elderly people, persons without education beyond primary schoo and immigrants from non-Western countries stand out with an increased probability of becoming jobseekers for five months or more. When we look at occupational groups, people with a background in tourism and transport are most likely to become long-term jobseekers.

70 per cent of the new jobseekers in the first half of 2020 are out of NAV's register and in employment after eight months. This is 21 percentage points more than among the new jobseekers in the same period last year. With regard to professional background, jobseekers with a background in construction have the highest probability of being employed again, while persons without professional experience have the lowest probability. Being born in Norway, having a higher education and living in Nordland or Møre og Romsdal are all factors that give a high probability of being out of NAV's register and being employed after eight months.

Innleiing

Ved utgangen av februar var koronakrisa enno ikkje eit faktum i Noreg, og det var til saman registrert 105 900 personar som anten var heilt arbeidslause, delvis arbeidslause eller arbeidssøkjarar i tiltak hos NAV (figur 1). Den 12. mars 2020 innførte regjeringa omfattande tiltak for å hindra spreiinga av viruset. Tiltaka førte til at svært mange arbeidsplassar blei stengde og mange vart permitterte heilt eller delvis. I løpet av dei siste vekene i mars eksploderte arbeidsløysetala slik at det ved utgangen av mars var registrert i underkant av 412 000 ordinære arbeidssøkjarar. Ein slik auke på så kort tid har aldri tidlegare vore observert i Noreg. Frå slutten av april blei nokon av restriksjonane oppheva eller mjuka opp, og arbeidsløysa fall ut over våren. Etter sommarferien auka smittetala igjen og det vart etter kvart innført nye restriksjonar, men ikkje like omfattande som i mars. Den samla arbeidsløysa fall utover hausten men held seg likevel på eit høgare nivå enn før koronakrisa.

Figur 1.Talet på registrerte heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak pr. veke. Veke 1-51 i 2020, bortsett frå veke 16

Kjelde: NAV

Arbeidsløysa som følge av koronakrisa skil seg ut frå ein vanleg nedgangskonjunktur ved at smittevernstiltak var den direkte utløysande årsaka til at folk mista jobben eller blei permitterte. I kva grad påverka dette kven som vart utan arbeid? I nedgangskonjunkturar er det gjerne unge menn innan dei konjunkturutsette næringane som bygg og anlegg og industriarbeid som først vert råka av mangelen på arbeid. Avhengig av kor lenge nedgangskonjunkturen varer, kan låg etterspurnad etter arbeidskraft føra til at grupper av arbeidssøkjarar vert utstøytt frå arbeidsmarkanden og trekkjer seg permanent ut av arbeidsstyrken. Personar som er på veg inn i arbeidsmarknaden, som unge og nye innvandrarar, kan få vanskar med å få ein fot innafor.

I denne artikkelen skal vi sjå på kven som vart arbeidslause då krisa ramma, og korleis det har gått med desse vidare. Korleis skil dei som vart arbeidslause på grunn av koronatiltak seg ut frå dei som vart arbeidslause i same periode året før? Vi ser på alle ordinære arbeidssøkjarar, det vil seia heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, heller enn heilt arbeidslause sidan koronakrisa førte til ein kraftig auke også i talet på delvis arbeidslause. Mange som blei arbeidssøkjarar våren 2020 var arbeidssøkjarar berre ein kort periode. Kven avsluttar arbeidsløyseperioden raskt og kven blir verande arbeidslause? Kva for kjenneteikn aukar sannsynet for å bli verande arbeidssøkjar? Vi ser også på status i høve til arbeidsmarkanden for dei koronaledige åtte månader etter dei starta arbeidssøkjarperioden. Kva for kjenneteikn aukar sannsynet for å vera ute av NAV sine register og i jobb åtte månader etter?

Tidlegare forsking

Ein studie frå Frisch-senteret (Bratsberg mfl. 2020b) har teke utgangspunkt i dei som søkte om dagpengar i perioden mars til medio august 2020 og ser på samansetninga av denne gruppa over tid. Dei finn at ettersom tida går, er det ein aukande del i denne gruppa som høyrer til den nedre halvdelen av inntektsfordelinga. Ein aukande del er også personar født utanfor Noreg, fleire eldre, fleire menn, og fleire utan fullført vidaregåande utdanning. Fleire av desse gruppene er personar som vanlegvis er utsette når arbeidsløysa aukar.

Ein studie har sett på situasjonen for dei som vart arbeidslause i februar 2020, rett før koronakrisa ramma, samanlikna med dei som vart arbeidslause i februar 2019 (Bratsberg mfl. 2020b). Medan det er lite variasjon mellom desse to gruppene med omsyn til bakgrunnskjenneteikn, så er lang færre av dei som vart arbeidslause i februar 2020 tilbake i jobb fire månader etter.

Gjerde mfl. (2020) har sett på korleis koronakrisa råka den norske arbeidsmarknaden i den aller første perioden av krisa, frå 10. mars og til og med 26. mai, ein periode då talet på registrerte arbeidssøkjarar hos NAV meir enn firedobla seg. Dei finn at det meste av auken kjem av ein kraftig auke i talet på permitterte, og at mange av dei permitterte er tilbake att i jobb i løpet av kort tid. Likevel er det meir enn tre gonger fleire arbeidssøkjarar registrert hos NAV i slutten av mai samanlikna med 10. mars.

Ein analyse av dei tre siste nedgangskonjunkturane før koronakrisa viste at arbeidsløysa då auka mest blant industriarbeidarar, bygge- og anleggsarbeidarar og ingeniørar og ikt-yrker (Vidal-Gil 2017). Dette er yrke som er mannsdominerte, og nedgangskonjunkturane har difor råka menn hardare enn kvinner. Menn i 20-åra har særleg vore utsett for konjunkturarbeidsløyse. Demografiske endringar over tid med ei sterk arbeidsinnvandring frå nye EU-land på 2000 talet har bidrege til at ein større del av dei arbeidslause over tid er innvandrarar.

Arbeidsløysa som følgje av koronakrisa ramma i utgangspunktet ikkje spesielt dei yrkesgruppene som vanlegvis er utsette for konjunktursvingingar. Nedstenginga førte til at nokon yrkesgrupper vart hardare ramma enn andre, særleg yrker innan reiseliv- og transport, butikk- og salsarbeid samt serviceyrke og anna arbeid (Gjerde mfl. 2020). Etter kvart vart også fleire næringar i privat sektor ramma av oppseiingar og permitteringar.

Ein studie av kven som vart ramma av nedstenginga dei første vekene av koronakrisa (Bratsberg mfl. 2020a) viste at risikoen for permittering eller oppseiing var høgare dess lågare utdanning, inntekt, timelønn og sosial klassebakgrunn ein lønstakar hadde.

Data og metode

Vi tar utgangspunkt i alle som hadde tilgang som ordinære arbeidssøkjarar første halvår 2019 og første halvår 2020. Data er henta frå arbeidssøkjarregisteret og NAV sine register over trygdemottakarar. Ved å sjå på alle som starta å registrera seg som arbeidssøkjarar i første halvår 2020 får vi med alle som vart direkte råka av nedstenginga i den første bølgja av pandemien. Samstundes får vi med dei som vart arbeidslause rett før krisa ramma og dermed møtte ein vanskeleg arbeidsmarkand.

Definisjonar

Arbeidssøkjar: Person som er registrert hos NAV som anten heilt arbeidslaus, delvis arbeidslaus eller deltakar i arbeidsmarknadstiltak.

Ny arbeidssøkjar: Arbeidssøkjarsom er registrert som anten heilt arbeidslaus, delvis arbeidslaus eller som deltakar i arbeidsmarknadstiltak ved utgangen av ein månad, og som ikkje har vore registrert i nokon av desse statusane ved utgangen av dei to føregåande månadene.

Permittert: Permitterte kan veraheilt permitterte eller delvis permitterte (innskrenka arbeidstid). Heilt permitterte er inkludert i gruppa heilt arbeidslause og delvis permitterte i gruppa delvis arbeidslause. Definisjonen av permitterte blei endra i 2020 til å omfatta både arbeidssøkjarar som har fått vedtak om dagpengar under permittering og dei som har søkt om dagpengar under permittering[2] Meir informasjon på nav.no: https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/statistikk/arbeidssokere-og-stillinger-statistikk/relatert-informasjon/om-statistikken-arbeidssokere/5.historikk-og-sammenlignbarhet-over-tid_kap.

Avgang som arbeidssøkjar: Ein person som er registrert som arbeidssøkjar ved utgangen av ein månad, og som ikkje er registrert som arbeidssøkjar ved utgangen av dei to påfølgjande månadene.

Langtidsarbeidssøkjar: I artikkelen her er langtidsarbeidssøkjar ein ny arbeidssøkjar som har vore registrert som arbeidssøkjar i minimum fem månader.

Søkt om dagpengar: Variabel som viser om ein arbeidssøkjar har søkt om dagpengar. Vanlegvis brukar vi variabel over kven som mottar dagpengar etter innvilga vedtak. På grunn av lang saksbehandlingstid som følgje av den sterke tilstrøyminga av dagpengesøknader våren 2020 (og forskotsutbetaling av dagpengar) vil data over dagpengemottakarar bli misvisande for 2020. Vi bruker difor informasjon om ein har søkt om dagpengar, både for arbeidssøkjarane i 2019 og i 2020, som indikator på at ein har rett på dagpengar, sjølv om ein må venta at ein del av søknadane ikkje vil bli innvilga.

Dei som framleis er arbeidssøkjararar etter fem månader, er den gruppa av arbeidssøkjarar som ikkje har hatt avgang som arbeidssøkjar (jamfør faktaboks) i løpet av dei fem første månadene.

Datasettet vårt er månadlege observasjonar av arbeidssøkjarane frå november 2018 til og med februar 2021. Det vil seia at den lengste perioden vi kan observera alle arbeidssøkjarane er åtte månader, då det har gått åtte månader frå juni 2020 til februar 2021. For at alle skal observerast like lenge etter at dei starta arbeidssøkjarperioden, har vi difor valt å sjå på kva status dei nye arbeidssøkjarane har etter åtte månader.

Metoden vi brukar er deskriptiv statistikk og logistisk regresjon (sjå faktaboks). Ved hjelp av deskriptiv statistikk samanliknar vi dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 med tilsvarande gruppe for 2019. Vi ser på bakgrunnskjenneteikn og varigheit av arbeidssøkjarperioden. Både deskriptiv statstikk og logistisk regresjon er brukt til å sjå på kva for faktorar som påverkar sannsynet for at dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 blei verande arbeidssøkarar i fem månader eller lengre. Vidare ser vi på kva for status arbeidssøkjarane har i høve til arbeidsmarkanden åtte månader etter at dei starta som arbeidssøkjarar. Vi samanliknar status for dei nye i 2020 med status for dei nye i 2019 ved hjelp av deskriptiv statistikk. Til slutt brukar vi deskriptiv statistikk og logistisk regresjon for å sjå på kva faktorar som påverkar sannsynet for at dei koronaledige er ute av NAV sine register og i jobb åtte månader etter starten på arbeidssøkjarperioden.

Logistisk regresjon

Logistisk regresjon kan ein bruka for å estimera sannsynet for eit diskret utfall av den avhengige variabelen. Til dømes i analysen av kva for faktorar som påverkar sannsynet for å vera arbeidssøkjar i 5 månader eller meir, er den avhengige variabelen y =1 dersom ein framleis er registrert som arbeidssøkjar 5 månader etter start på arbeidssøkjarperioden, Y=0 dersom dette ikkje er tilfelle. Logistisk regresjon estimerer kor mykje av den naturlege logaritmen til oddsen for Y=1 endrar seg for kvar eining endring i forklaringsvariablane X1,…, Xn. Variablane X1,…, Xn kan vera kontinuerlege (som alder rekna i år) eller kategoriske som kva fylke ein er busett i.

Resultata frå regresjonsanalysen presenterer vi i en tabell med koeffisientar i form av oddsrater. Odds er sannsynet for at noko skal skje i forhold til sannsynet for at det ikkje skal skje (odds=p/(1-p)). Oddsraten er forholdet mellom to odds, til dømes forholdet mellom oddsen for framleis å vera arbeidssøkjar etter fem månader dividert på oddsen for ikkje å vera arbeidssøkjar etter fem månader. Oddsraten kan, når det gjeld kjenneteikn målt ved kategoriske variablar, tolkast som oddsen for å framleis vera arbeidssøkjar etter fem månader(Y=1) med eit gitt kjenneteikn (X), sett opp mot oddsen for framleis å vera arbeidssøkjar når verdien av X er lik basiskategorien.Til dømes er basiskategorien i variabelen bustadfylke Oslo. Oddsen for å framleis vera arbeidssøkjar etter fem månader av å vera busett i eit anna fylke, t.d. Rogaland, vil då vera målt opp mot oddsen for å vere arbeidssøkjar blant dei som bur i Oslo.

Kven blei arbeidslause som følgje av nedstenginga?

Figur 2. Nye arbeidssøkjarar første halvår etter månad, personar.

Kjelde: NAV

I første halvår 2020 vart i underkant av 468 000 nye arbeidssøkjarar registrert hos NAV, mot 86 400 same periode i 2019 (figur 2). I løpet av mars 2020 registrerte heile 315 700 arbeidssøkjarar seg hos NAV, dei aller fleste av desse frå 12 mars og utover.

Dei første koronaledige blei arbeidslause på grunn av offentlege vedtak om smittevern. Dei spesielle tilhøva som førte dei mange ut i arbeidsløyse gjorde at langt fleire enn vanleg av dei arbeidslause vart permitterte, og ein større del av arbeidssøkjarane var delvis ledige.

72 prosent av dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 var registrert som permitterte i løpet av arbeidssøkjarperioden, mot berre 5 prosent av dei som hadde tilgang same periode året før[3] Endring av definisjonen av permittert frå 2019 til 2020 gjer at desse tala ikkje direkte kan samanliknast, jamfør faktaboks. (figur 3).

Talet på dagpengesøknader hos NAV auka kraftig i løpet av mars 2020, og det blei innført ei ordning med forskott på dagpengar slik at dei arbeidslause ikkje skulle stå utan inntekt medan NAV handsama søknadane om dagpengar. For å få eit betre bilete av kven som mottek dagpengar har vi valt å bruka tal over kven som søkte om dagpengar, sidan variabelen over dagpengemottakarar byggjer på vedtak som er innvilga, jamfør faktaboks. Blant dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 søkte heile 82 prosent om dagpengar, tilsvarande tal var 51 prosent for nye arbeidssøkjarar same periode i 2019. At fleire av arbeidssøkjarane søkte om dagpengar i 2020 kan truleg forklarast med at fleire av dei nye var personar som var i arbeid (færre nykomarar på arbeidsmarkanden) enn året før, og at kravet til storleiken på tidlegare arbeidsinntekt vart senka våren 2020.

Figur 3. Nye arbeidssøkjarar første halvår som søkte om dagpengar, samt nye arbeidssøkjarar første halvår som var permittert i løpet av arbeidssøkjarperioden. Prosent

Kjelde: NAV

Få av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 var i tiltak medan dei var registrert som arbeidssøkjarar (figur 4). I denne gruppa var 2 prosent i tiltak i perioden dei var arbeidssøkjarar, medan dette gjaldt 15 prosent blant dei nye i første halvår 2019. Mange arbeidsmarknadstiltak blei innstilt den første tida etter koronakrisa slik at tiltak var lite aktuelt. Samanlikna med 2019 var ein langt større del av dei nye arbeidssøkjarane i 2020 registrert som delvis arbeidslause i løpet av arbeidssøkjarperioden. 59 prosent av dei var registrert som delvis ledige når vi baserer oss på observasjonar ved utgangen av kvar månad[4] NAV bruker informasjon frå meldekorta for å skilja mellom heilt arbeidslause og delvis arbeidslause. Ved første registrering får alle status som heilt arbeidslause. Arbeidssøkjarane sender inn meldekort kvar 14. dag, og etter kvart som meldekorta kjem inn blir statusen endra for dei som har jobba heilt eller delvis dei siste 14 dagane. Månadsobservasjonar kan difor underestimera kor mange som har vore delvis ledige i løpet av arbeidssøkjarperioden.. Medan over halvparten, 51 prosent, av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2019 berre var registrert som heilt arbeidslause, og verken var i tiltak eller delvis i arbeid i løpet av arbeidssøkarperioden, gjaldt dette 39 prosent av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020.

Figur 4. Nye arbeidssøkjarar første halvår som var registrert i ulike statusar i løpet av arbeidssøkjarperioden. Prosent

Kjelde: NAV

Arbeidsløysa auka blant begge kjønn i alle aldersgrupper (figur 5). Størst auke i talet på nye arbeidssøkjarar finn vi blant unge mellom 20 og 29 år. I denne aldersgruppa er mange sysselsett i næringar som er hardt ramma av smittevernstiltak. Mange unge har jobbar innan reiseliv og servering. I alderen 20-30 år er det også mange som fullfører utdanning og som skal inn på arbeidsmarknaden. Unge som er i arbeid har oftast mindre arbeidserfaring og lågare ansiennitet enn eldre arbeidstakarar og vil væra meir utsett for å mista jobben når verksemdene må innskrenka. Sjølv om det var flest nye arbeidssøkjarar blant menn i alderen 25-30 år, så er den prosentvise auken størst blant eldre.Medan det i løpet av første halvår 2019 vart registrert i overkant av 3 100 nye arbeidssøkjarar som var 60 år eller eldre, vart det i løpet av same periode 2020 registrert 31 400 nye i denne aldersgruppa, det vil seia at talet på arbeidslause blant dei eldste i arbeidsstyrken tidobla seg samanlikna med året før.

Figur 5. Nye arbeidssøkjarar første halvår etter kjønn og alder. Personar

Kjelde: NAV

Figur 6. Nye arbeidssøkjarar etter yrkesgruppe. Endring frå første halvår 2019 – første halvår 2020. Talet på arbeidssøkjarar(venstre akse) og endring i prosent (høgre akse)

Kjelde: NAV

Det spesielle med arbeidsløysa under koronakrisa er at ho i utgangspunktet ikkje starta gjennom vanlege konjunkturbaserte mekanismar, men var eit direkte resultat av styresmaktene sine tiltak for å hindra smittespreiinga i samfunnet. I nedgangskonjunkturar er det vanleg at arbeidsløysa aukar mest i yrka innan industriarbeid, bygg og anlegg og innan ingeniør- og ikt-yrke (Vidal-Gil 2017). Koronakrisa førte til fleire arbeidslause i alle yrkesgrupper, men det var flest nye arbeidslause i yrkesgruppene butikk- og salsarbeid, reiseliv og transport og serviceyrke og anna arbeid (figur 6). I første halvår 2020 vart det registrert 381 600 fleire nye arbeidssøkjarar (slik vi har definert det her) samanlikna med same periode i 2019. 171 800 personar, eller 45 prosent, kom frå dei tre sistnemnde yrkesgruppene.

Innan næringsgruppa overnatting- og serveringsverksemd var det i følgje tal frå SSB (SSB2021b) ein nedgang i sysselsettinga på 17 prosent frå fjerde kvartal 2019 til fjerde kvartal 2020. Dette er ei næringsgruppe med mange sysselsette frå yrkesgruppene nemnd over. Over halvparten av sysselsettingsnedgangen i denne perioden kjem frå denne næringsgruppa. Også innan forretningsmessig tenestyting, som mellom anna omfattar utleige av arbeidskraft, var det ein monaleg nedgang i sysselsettinga.

Nokon fleire av dei nye arbeidssøkjarane i 2020 hadde utdanning ut over grunnskolen samanlikna med same periode året før. Første halvår 2020 rapporterte 87 prosent av dei nye arbeidssøkjarane til NAV at dei hadde utdanning ut over grunnskolenivå, mot 82 prosent første halvår 2019 (tabell 1).

Ein større del av dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 er født i Noreg samanlikna med året før, dette gjeld 69 prosent i 2020 mot 61 prosent i 2019. Det var ein auke i talet på arbeidssøkjarar både blant personar født i Noreg og blant personar født i utlandet, men auken var sterkast blant personar født i Noreg. Seks gonger fleire nye arbeidssøkjarar med Noreg som fødeland registrerte seg hos NAV i første halvår 2020, mot ei firedobling blant personar født i utlandet. Få nye kom til Noreg den første tida etter koronakrisa, og ein del arbeidssøkjarar kan også ha reist heim. Nettoinnvandringa til Noreg var på 11 100 samla for 2020, det lågaste talet sidan 2002 (SSB 2021). I andre kvartal 2020 var det negativ netto innvandring til Noreg for første gong så langt data vises i statistikkbanken til SSB[5] Frå og med 4. kvartal 1997..

Tabell 1. Kjenneteikn ved nye arbeidssøkjarar første halvår 2019 og 2020, prosent

2019

2020

2019

2020

N

86392

467972

86392

467972

Tilgangsmånad:

Yrkesbakgrunn

januar

25,5

4,4

Butikk- og salsarbeid

13,6

16,3

februar

16,4

3,0

Reiseliv og transport

9,2

14,5

mars

15,2

67,5

Serviceyrket og anna arbeid

9,5

11,8

april

14,9

14,9

Industriarbeid

8,5

8,6

mai

12,9

5,6

Bygg og anlegg

9,9

8,5

juni

15,0

4,5

Kontorarbeid

7,3

7,9

Kjønn:

Leiarar

2,5

6,4

Kvinne

45,5

44,5

Ingen yrkesbakgrunn/uoppgitt

14,6

5,9

Mann

54,5

55,5

Ingeniør- og ikt-fag

3,6

5,3

Aldersgruppe:

Helse, pleie og omsorg

7,8

5,0

under 20 år

5,3

4,1

Meklarar og konsulentar

2,6

3,6

20 - 29 år

35,5

28,5

Barne- og ungdomsarbeid

4,8

2,3

30 - 39 år

27,1

25,0

Undervisning

2,8

1,9

40 - 49 år

17,5

19,9

Akademiske yrker

1,7

1,4

50 - 61 år

12,3

18,1

Jordbruk, skogbruk og fiske

1,7

0,6

62 år og over

2,3

4,4

Fylke (inndeling frå 2020)

Påbegynt utdanning

Viken

21,6

23,2

Ukjent

6,8

4,0

Oslo

15,1

17,0

Grunnskole

11,6

9,0

Innlandet

6,2

6,2

Vidaregåande skole

52,6

54,3

Vestfold og Telemark

8,4

7,1

Høgare utdanning, inntil fire år

20,5

24,2

Agder

5,7

5,2

Høgare utdanning, over fire år

8,6

8,6

Rogaland

8,6

8,4

Fødeland:

Vestland

11,2

11,4

Noreg

61,4

69,2

Møre- og Romsdal

4,7

4,8

Nord-Amerika og Oseania

4,7

5,5

Trøndelag

8,6

8,0

Øst-europeiske EU-land

9,8

8,1

Nordland

4,7

3,8

Øst-Europa utanfor EU

3,0

2,4

Troms og Finnmark

5,2

4,2

Afrika

6,7

2,9

Øvrige områder

0,0

0,7

Asia

11,0

7,8

Ukjent fylke

0,1

0,1

Sør- og Mellom-Amerika

1,5

1,1

I løpet av perioden som as:

Ukjent

1,8

3,0

Heilt arbeidslaus

50,9

38,6

Sum født i utlandet

38,6

30,8

Delvis arbeidslaus

33,9

59,1

Deltakar i tiltak

15,3

2,2

Søkt om dagpengar

50,7

81,6

Permittert

5,2

71,9

Kjelde: NAV

Figur 7. Nye arbeidssøkjarar første halvår etter år og fylke, i prosent av arbeidsstyrken

Kjelde: NAV

Alle fylka vart ramma av koronakrisa, men flest nye arbeidssøkjarar kom til i Oslo (figur 7). I løpet av første halvår 2020 registrerte ein femdel av arbeidsstyrken i Oslo seg som arbeidssøkjarar. Dette er 3,2 prosentpoeng høgare enn i Viken, fylket med nest høgast prosentdel. Færrast nye arbeidssøkjar kom til i Nordland med 14,2 prosent av arbeidsstyrken. Ei samanlikning av fylka som blei mest og minst ramma av koronakrisa dei første månadene viser at forskjellane i stor grad kan forklarast med forskjellar i næringsstruktur (Gjerde mfl. 2020). Ei samanlikning av dei sysselsette i Nordland og i Oslo viser at langt fleire i Nordland er sysselsett i offentleg sektor som vart lite ramma av koronatiltaka. I Oslo er det langt fleire sysselsett i personleg tenesteyting og i forretningsmessig tenesteyting, næringar som vart sterkt ramma av tiltaka.

Mange var ledige berre i kort tid

Vi har definert at ein arbeidssøkjar har avgang når ein ikkje er registrert som arbeidssøkjar i to påfølgjande månader. Ser vi på alle som registrerte seg som arbeidssøkjar i løpet av første halvår 2020 så er 73 prosent ute att etter 5 månader, 8 prosentpoeng fleire enn blant dei som vart arbeidslause i same periode året før. Blant dei som vart arbeidslause første halvår 2019 er det lite skilnader i varigheit som arbeidssøkjar uansett kva månad ein starta arbeidsløyseperioden (figur 8). For nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 har tidspunktet dei vart arbeidslause mykje å seia for varigheita. Dette heng saman med at smittevernstiltaka var mest omfattande i mars og starten av april, før det kom ei gradvis oppmjuking. Dei som starta arbeidssøkjarperioden i januar og februar 2020, før koronakrisa ramma, skil seg ut med at langt færre har avslutta i løpet av dei fem første månadene. Dette gjeld både når vi samanliknar dei med dei som hadde tilgang same månader i 2019 og når vi samanliknar med dei som hadde tilgang i månadene mars – juni 2020. Dei møtte ein svært vanskeleg arbeidsmarknad dei første månadene av koronakrisa. Nedstenginga av økonomien gjekk ikkje berre ut over dei som blei arbeidslause som ein direkte følgje av tiltaka, men også dei som var utan arbeid då krisa råka.

Figur 8. Avgang som arbeidssøkjar etter varigheit i månader frå tilgang, etter tilgangsmånad. Prosent

Kjelde: NAV

Kven blei verande ledige?

Av dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 var 27 prosent framleis registrert som arbeidssøkjar hos NAV fem månader etter start på arbeidssøkjarperioden. I tillegg til å visa prosentdelen som var registrert hos NAV samanhengande i fem månader eller meir etter bakgrunnskjenneteikn, har vi brukt logistisk regresjon for å sjå kor stor effekt ulike variablar har på sannsynet for å bli verande registrert i minimum fem månader når vi kontrollerer for effekten av andre variablar (sjå faktaboks om logistisk regresjon). Vi rapporterer oddsraten for framleis å vera arbeidssøkjar etter fem månader i forhold til basiskategorien for kvar variabel (tabell 2). Når oddsraten er høgare enn 1 aukar sannsynet for framleis å vera arbeidssøkjar sett opp mot sannsynet for dei som er i basiskategorien. Ein oddsrate på 1 vil seia at sannsynet for framleis å vera arbeidssøkjar er like høgt som i basiskategorien, medan ein oddsrate under 1 gir lågare sannsyn.

Månaden ein hadde tilgang som arbeidssøkjar har innverknad på for kor stort sannsyn det er for at ein blir langtidsarbeidssøkjar. Tilgangsmånad fangar opp effekten av tilhøva på arbeidsmarkanden heile perioden ein er arbeidslaus. Sannsynet for å bli langtidsarbeidssøkjar er høgast for dei som starta arbeidssøkjarperioden i januar og i februar, månaden før koronakrisa starta, sett i forhold til dei som starta opp i mars. Dette viser at koronakrisa også ramma dei som allereie var arbeidslause hardt. Dei som starta arbeidssøkjarperioden i april har lågast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjar, medan sannsynet igjen aukar for dei som startar i mai og juni. Regresjonen viser også at kvinner har litt høgare sannsyn enn menn for å bli langtidsarbeidssøkjar, alle andre ting likt.

Sannsynet for å bli langtidsarbeidssøkjar aukar med aukande alder. Alle aldersgrupper over 30 år har høgare sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar samanlikna med dei som er i alderen 20 – 29 år, som er vår basiskategori i regresjonen. Sannsynet er høgast for dei som er 62 år og eldre. Ungdom under 20 år har lågare sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar samanlikna med dei i alderen 20 – 29 år.

Alle utdanningsgrupper har lågare sannsyn for å verta langtidsarbeidssøkjarar enn dei som har grunnskoleutdanning. Minst sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar har dei med lang høgare utdanning. Resultata for dei ulike utdanningsgruppene må tolkast med varsemd sidan dei byggjer på sjølvrapportert utdanningsbakgrunn, då NAV ikkje har tilgang til fullstendige registerbaserte utdanningsdata. Personar født i utlandet har høgare sannsyn for å verta langtidsarbeidssøkjarar samanlikna med norskfødde, uansett fødeland. Minst forskjell er det mellom norskfødde og personar som er født i Vest-Europa utanom Noreg. Personar som er født i Afrika har høgast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar med ein oddsrate på 2,077 sett opp mot arbeidssøkjarar født i Noreg. Dette må sjåast i samanheng med at personar født i Afrika er dei som i fleire år har hatt høgast registrert arbeidsløyse, noko som truleg skuldast at det er mange flyktningar i denne innvandrargruppa (SSB 2021b).

Over 83 prosent av dei som var i arbeidsmarknadstiltak i løpet av arbeidssøkjarperioden var framleis registrert etter fem månader. For mange arbeidslause er ikkje tiltak aktuelt før det har gått noko tid. Regresjonen viser at det å delta i tiltak er den einskildfaktoren som gir høgast oddsrate for å bli verande arbeidssøkjar lenge, sett opp mot dei som berre er registrert som heilt arbeidslause i løpet av arbeidssøkjarperioden. Årsaka til dette er nok ikkje sjølve tiltaket, men det at tiltak berre er aktuelt for arbeidssøkjarar som har behov for ekstra innsats for å komma i arbeid. Truleg vil svært få som startar i tiltak ha ei samla tid som arbeidssøkjar på mindre enn fem månader.

Dei som har søkt om dagpengar har klårt høgare sannsyn for å vera arbeidssøkjar i minimum fem månader enn dei som ikkje har søkt, alle andre ting likt Truleg har dei fleste av dei som har søkt om dagpengar rett på dagpengar. Det å motta dagpengar i løpet av arbeidssøkjarperioden aukar i seg sjølv sannsynet for å gå ledig til dagpengeperioden nærmar seg slutten (Røed og Zhang 2005, Furuberg og Kalstø 2017). Personar som har vore permittert har eit redusert sannsyn for å vera langtidsarbeidssøkjar i forhold til dei som ikkje var permitterte. Mange som vart permitterte i starten av pandemien kom tilbake i jobb då den første bølgja av pandemien var over og deler av samfunnet opna.

Tabell 2. Prosentdel langtidsarbeidssøkjarar blant nye arbeidssøkjarar 1. halvår 2020 etter bakgrunnskjenneteikn (venstre kolonne). Resultat frå logistisk regresjon i form av oddsraten (høgre kolonne). Avhengig variabel: Arbeidssøkjar minimum fem månader=1( arbeidssøkjar fem månader eller kortare =0)

Varigheit

min.

5 mnd

OR

Varigheit

min

5 mnd

OR

Tilgangsmånad:

Yrkesbakgrunn, forts.

januar

47

2,423***

Ingen yrkesbakgr./uoppgitt

28

1,286***

februar

45

2,418***

Ingeniør- og ikt-fag

29

1,350***

mars

26

Basiskat.

Jordbr., skogbr. og fiske

24

0,967

april

22

0,811***

Kontorarbeid

32

1,579***

mai

28

1,267***

Leiarar

29

1,379***

juni

36

1,942***

Meklarar og konsulentar.

25

1,061**

Kjønn:

Reiseliv og transport

36

1,928***

Kvinne

28

1,072***

Serviceyrke og anna arbeid.

27

1,188***

Mann

27

Basiskat.

Undervisning

25

1,005

Aldersgruppe:

Fylke:

under 20 år

12

0,555***

Viken

29

0,936***

20 - 29 år

23

Basiskat.

Oslo

31

Basiskat

30 - 39 år

30

1,282***

Innlandet

23

0,699***

50 - 61 år

30

1,502***

Agder

23

0,669***

62 år og over

27

1,647***

Rogaland

29

0,919***

Påbegynt utdanning

Vestland

27

0,861***

Ukjent

30

0,906***

Møre- og Romsdal

22

0,607***

Grunnskole

30

Basiskat.

Trøndelag

24

0,705***

Vidaregåande skole

26

0,930***

Nordland

22

0,625***

Høgre utd, inntil 4år

28

0,933***

Troms og Finnmark

25

0,742***

Høgre utd, over 4år

28

0,883***

Øvrige områder

15

1,540***

Fødeland:

Ukjent fylke

42

0,264***

Noreg

24

Basiskat.

I løpet av arbeids.perioden

Nord-Amerika og Oseania

30

1,246***

Heilt arbeidslaus

16

Basiskat.

Aust –Europa i EU

35

1,669***

Delvis arbeidslaus

32

2,917***

Aust-Europa elles

36

1,615***

Deltakar i tiltak

83

22,683***

Afrika

41

2,077***

Ikkje søkt om dagpengar

22

Basiskat.

Asia

38

1,743***

Søkt om dagpengar

28

2,044***

Sør- og Mellom-Amerika

36

1,590***

Ikkje permittert

31

Basiskat.

Ukjent fødeland

24

1,596***

Permittert

26

0,556***

Yrkesbakgrunn

Akademiske yrker

30

1,352***

Barne- og ungdarb.

30

1,201***

Butikk- og salsarb.

21

Basiskat.

Bygg og anlegg

22

0,998

Helse, pleie og omsorg

19

0,658***

Industriarbeid

26

1,195***

Totalt

27,1

**p<0,05 ***p<0,01, N= 467 972

Kjelde: NAV

Berre arbeidssøkjarar med bakgrunn frå helse, pleie og omsorg har lågare sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar samanlikna med dei frå butikk- og salsarbeid. Arbeidssøkjarar frå bygge- og anleggsarbeid, jordbruk, skogbruk og fiske og undervisningsarbeid skil seg ikkje ut frå butikk- og salsarbeid når det gjeld sannsynet for å bli langtidsarbeidssøkjar. Dette er yrkesgrupper der få vart arbeidslause som følgjer av koronatiltaka. Arbeidssøkjarar med bakgrunn frå reiseliv og transport har størst sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar. Reiseliv og transport blei hardt råka av smittevernstiltaka. Mange yrker innan reiseliv og transport er knytt til turisme og arbeid innan restaurantar og servering. Dette er sektorar der det har vore mange smittevernstiltak som har påverka aktiviteten.

Uansett bustadfylke, har alle lågare sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar enn dei som er busett i Oslo[6] Dette når vi ser bort i frå 400 nye arbeidssøkjarar som er oppført med bustadfylke «Øvrige områder». Personar registrert med ukjent bustadfylke har lågast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar. Truleg er mange i denne gruppa personar som står tilmeldt NAV i kort tid og difor ikkje får registrert bustadfylke. Dei som er busett i Møre- og Romsdal og i Nordland har lågast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar, medan dei som bur i Rogaland og i Viken berre har litt mindre sannsyn for å verta langtidsarbeidssøkjarar samanlikna med Oslo. Forskjellar mellom fylka kan truleg forklarast både med ulik næringsstruktur og med ulikt smittetrykk og smittevernstiltak.

Status åtte månader etter start på arbeidssøkjarperioden

Figur 9. Status åtte månader etter start på arbeidssøkjarperioden blant nye arbeidssøkjarar første halvår. Prosent

Kjelde: NAV

Vi har data som gjer at vi kan observera alle arbeidssøkjarane i minimum åtte månader. Vi har difor valt å sjå på kva status dei nye arbeidssøkjarane har åtte månader etter at dei starta arbeidssøkjarperioden.

I statistikken over sysselsette blir permitterte rekna som mellombels fråverande frå jobb og difor sysselsette dei første tre månadane av permitteringsperioden, medan dei blir rekna som arbeidslause i NAV sin statistikk over arbeidslause frå det tidspunktet dei registrerer seg. For å finna ut om ein er i arbeid er det difor nødvendig å sjå på kven som er sysselsett utan samstundes å vera registrert som arbeidssøkjar hos NAV.

70 prosent av dei nye arbeidssøkjarane i løpet av første halvår 2020 var arbeidstakarar utan at dei samstundes var å finna i NAV sine register over arbeidssøkjarar eller trygdemottakarar åtte månader etterpå (figur 9). Dette er 21 prosentpoeng fleire enn dei som var nye arbeidssøkjarar i same periode i 2019. Ni prosent av dei nye i 2020-gruppa er registrert som arbeidssøkjarar samstundes med at dei er arbeidstakarar. I denne gruppa finn vi mange delvis ledige og personar som er permittert. Det er også nokon få som er arbeidstakarar og samstundes er registrert i gruppa nedsett arbeidsevne hos NAV. Fire prosent kombinerer det å vera arbeidstakar med mottak av ulike trygder, jamfør definisjon av trygder i faktaboks. Til saman er 83 prosent av dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 i arbeid etter åtte månader, tilsvarande tal for dei nye første halvår 2019 er 60 prosent.

Samanlikna med dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2019 er svært få av dei koronaledige å finna i gruppa med nedsett arbeidsevne etter åtte månader. Blant dei som starta ein arbeidssøkjarperiode i første halvår 2019 var 6 prosent registrert med nedsett arbeidsevne, det tilsvarande talet for dei koronaledige var 2 prosent. Ei forklaring her kan vera samansetjingseffektar. Ein del av arbeidsstyrken har dårleg helse eller andre utfordringar som gjer det vanskeleg å vera like produktive som det krevjast for å vera i jobb. Dette er personar som har større vanskar enn andre med å finna arbeid uavhengig av etterspørselen etter arbeidskraft. Når mange blir arbeidslause, slik som under koronakrisa, vil denne gruppa utgjera ein mindre del av dei som vert ledige.

Blant dei som vart arbeidssøkjarar første halvår 2019 var 15 prosent å finna i gruppa med ukjent status etter åtte månader. Tilsvarande tal for dei koronaledige var 8 prosent. Ukjent status vil seia at dei ikkje var i arbeid eller registrert i nokon av statusane vi har opplysningar om her, jamfør faktaboks. I denne gruppa finn vi mellom anna personar som sluttar å senda meldekort fordi dei ikkje har rett på dagpengar. Personar som har starta opp i utdanning vil og vera registrert med ukjent status då vi ikkje har opplysningar om pågåande utdanning i datamaterialet vårt. Blant dei nye arbeidssøkjarane i første halvår 2020 hadde fleire rett til dagpengar enn samanlikna med arbeidssøkjarane året før. Dette er truleg forklaringa på at det er færre i gruppa ukjent blant dei koronaledige.

Status på arbeidsmarkanden åtte månader etter start på arbeidssøkjarperioden

Personane er definert i følgjande prioriterte statusar:

Berre arbeidstakar: Personar registrert med eit aktivt arbeidstakarforhold i AA-ordninga ved utgangen av månaden, utan å vera registrert som arbeidssøkjar, person med nedsett arbeidsevne, mottakar av overgangsstønad, mottakar av uføretrygd eller mottakar av alderstrygd.

Arbeidstakar/arbeidssøkjarar: Personar som er arbeidstakarar og samstundes registrert som arbeidssøkjarar.

Arbeidstakar/nedsett arbeidsevne: Personar som er arbeidstakarar og samstundes registrert med nedsett arbeidsevne.

Arbeidstakar/trygdemottakar: Personar som er arbeidstakarar og samstundes registrert som mottakar av overgangsstønad, mottakar av uføretrygd eller mottakar av alderstrygd.

Arbeidssøkjarar: Personar som ikkje er definert som arbeidstakarar i ein av gruppene over og som er registrert som anten helt ledig, delvis ledig, arbeidssøkjar i tiltak, eller annan arbeidssøkjar, ved utgangen av månaden.

Nedsett arbeidsevne: Personar som ikkje er registrert i ein av statusane over, og som er registrert med status nedsett arbeidsevne ved utgangen av månaden.

Trygder: Personar som ikkje er registrert i ein av statusane over og som er registrert anten som mottakar av overgangsstønad, uføretrygd eller alderspensjon ved utgangen av månaden.

Utvandra eller død: Personar som er registrert i folkeregisteret som utvandra eller død, uavhengig av andre registreringar.

Ukjent: Alle personar som ikkje er registrert i nokon av statusane over.

7 av 10 var i arbeid og ute av NAV sine register etter åtte månader

Blant dei nye arbeidssøkjarane i 2020 var sju av ti registrert som arbeidstakarar utan samstundes å vera registrert hos NAV etter åtte månader (tabell 3).

Tabell 3. Prosentdel nye arbeidssøkjarar første halvår 2020 som har status berre som arbeidstakarar etter åtte månader, etter bakgrunnskjenneteikn (venstre kolonne). Resultat frå logistisk regresjon i form av oddsraten (høgre kolonne). Avhengig variabel: Berre registrert som arbeidstakar åtte månader etter=1(alle andre statusar =0)

Berre

arbeids-takar

OR

Berre arbeids-

takar

OR

Tilgangsmånad:

Yrkesbakgrunn, forts.

januar

47

0,586***

Butikk- og salsarbeid

76

Basiskat.

februar

44

0,534***

Bygg og anlegg

76

1,259***

mars

74

Basiskat.

Helse, pleie og omsorg

71

1,098***

april

72

1,014

Industriarbeid

74

1,007

mai

62

0,759***

Ing. yrkesbgr/uoppgitt

47

0,433***

juni

50

0,578***

Ingeniør- og ikt-fag

77

1,063**

Kjønn:

Jordbr., skogbr. og fiske

62

0,816***

Kvinne

69

0,922***

Kontorarbeid

70

0,773***

Mann

71

Basiskat

Leiarar

74

0,849***

Aldersgruppe:

Meklarar og kons.

78

1,148***

under 20 år

69

0,987

Reiseliv og transport

65

0,556***

20 - 29 år

73

Basiskat.

serviceyrke og ann..

68

0,691***

30 - 39 år

72

0,901***

Undervisning

67

0,897***

40 - 49 år

73

0,826***

Fylke

50 - 61 år

71

0,675***

Viken

70

1,087***

62 år og over

26

0,082***

Oslo

68

Basiskat.

Påbeg. utdanning

Innlandet

72

1,219***

Ukjent

55

1,001

Vestfold og Telemark

68

1,064***

Grunnskole

62

Basiskat.

Agder

71

1,171***

Vidareg. skole

71

1,140***

Rogaland

71

1,107***

Høgre utd, innt.4år

72

1,186***

Vestland

70

1,082***

Høgre utd, 4 år +

72

1,286***

Møre- og Romsdal

72

1,262***

Fødeland:

Trøndelag

72

1,169***

Noreg

72

Basiskat.

Nordland

72

1,264***

Vest- Europa m.m.

69

0,833***

Troms og Finnmark

70

1,102***

Aust –Europa i EU

69

0,785***

Øvrige områder

65

0,710**

Aust-Europa elles

67

0,830***

Ukjent fylke

56

0,755***

Afrika

55

0,711***

I løpet av arbs.perioden:

Asia

62

0,765***

Berre heilt arbeidslaus

67

Basiskat

Sør- og Mel-Am.

64

0,780***

Delvis arbeidslaus

74

0,965***

Ukjent fødeland

63

0,659***

Deltakar i tiltak

25

0,255***

Yrkesbakgrunn

Ikkje søkt om dagp

54

Basiskat

Akademiske yrker

72

0,936

Søkt om dagpengar

74

0,962***

Barne- og ungd.arb

59

0,689***

Ikkje permittert

51

Basiskat

Permittert

78

2,878***

Totalt

70

**p<0,05 ***p<0,01, N= 467 972

Kjelde: NAV

Dei som vart arbeidssøkjarar i januar og februar har lågare sannsyn for å vera i arbeid åtte månader etter at dei starta arbeidssøkjarperioden samanlikna med dei som starta i mars. Månaden ein startar som arbeidssøkjar fangar opp effekten av tilhøva på arbeidsmarknaden i heile perioden ein er arbeidssøkjar, så vel som tilhøva månaden ein startar og åtte månader etter oppstart. Det er ingen forskjell mellom dei som vart arbeidssøkjarar i mars og april, medan sannsynet for å vera i jobb åtte månader etter igjen minkar for dei som vart arbeidslause i mai og juni.

Sett i forhold til menn har kvinner litt lågare sannsyn for å vera i arbeid. Medan det ikkje er forskjell i sannsynet for å vera i arbeid mellom unge under 20 år og dei i alderen 20 – 29 år som er basiskategorien, så minkar sannsynet for å vera i arbeid med aukande alder. For arbeidssøkjarar 62 år og eldre er sannsynet for å vera i arbeid slik det er definert her klart lågast, med ein oddsrate på 0,082. Det at dei eldste i arbeidsstyrken har så lågt sannsyn for å vera i jobb utan samstundes å vera registrert hos NAV skuldast truleg at mange i denne aldersgruppa kombinerer jobb og alderstrygd, både før og etter at dei vart arbeidssøkjarar. Sannsynet for å vera i arbeid aukar med aukande utdanning, medan det ikkje er nokon forskjell mellom dei som har grunnskole som høgaste påbegynt utdanning og dei med ingen eller uoppgitt utdanning. Arbeidssøkjarar med lang høgare utdanning har høgast sannsyn for å vera i arbeid åtte månader etter

Samanlikna med arbeidssøkjarar som er født i Noreg så har alle andre arbeidssøkjarar, uansett fødeland, lågare sannsyn for å vera i arbeid. Personar med ukjent fødeland har lågast sannsyn, dernest personar født i Afrika.

Når vi ser på yrkesbakgrunn så har arbeidssøkjarar med bakgrunn frå bygg- og anleggsarbeid høgast sannsyn for å vera i jobb åtte månader etter samanlikna med arbeidssøkjarar frå butikk- og salsarbeid. Også arbeidssøkjarar frå helse, pleie og omsorg og ingeniør- og ikt-fag og meklarar og konsulentar har høgare sannsyn for å ver i jobb. Dette er yrkesgrupper som i mindre grad blei råka av nedstenginga som følgje av smittevernstiltak. Personar utan yrkeserfaring skil seg ut med å ha lågast sannsyn for å vera i jobb. Manglande yrkeserfaring er ei ulempe i konkurransen om arbeid i ein vanskeleg arbeidsmarknad. Etter personar utan yrkeserfaring er det dei med bakgrunn frå reiseliv og transport som har lågast sannsyn for å vera i jobb. Arbeidssøkjarar med bakgrunn frå denne yrkesgruppa er dei som er aller mest råka av smittevernstiltaka.

Regresjonen stadfestar at Oslo er det fylket som er mest råka av koronakrisa, når vi ser bort frå dei små gruppene med ukjent fylke og kategorien øvrige områder. Arbeidssøkjarar frå alle andre fylke har høgare sannsyn for å vera i jobb åtte månader etter samanlikna med Oslo. Dette skuldast truleg at Oslo har vore hardast ramma av koronakrisa gjennom heile det første året. Smittervernstiltaka har ført til store avgrensingar på næringslivet i Oslo også utover hausten 2020 og våren 2021. Arbeidssøkjarar frå Vestfold og Telemark, Vestland og Viken har også lågare sannsyn for å vera i jobb samanlikna med arbeidssøkjarar frå dei andre fylka. Arbeidssøkjarar som er busette i Nordland og i Møre og Romsdal har høgast sannsyn for å vera i arbeid åtte månader etter alle andre ting likt.

Personar som har vore registrert som tiltaksdeltakarar i løpet av arbeidssøkjarperioden har klart lågare sannsyn for å vera i jobb samanlikna med dei som bere har vore heilt arbeidslause i arbeidssøkjarperioden. Dei som ikkje har vore i tiltak, men som har vore delvis ledige medan dei søkte arbeid har berre litt lågare sannsyn for å vera i jobb samanlikna med ei som berre har vore heilt arbeidslause. Alle andre ting likt, så er det liten forskjell mellom dei som har søkt om dagpengar og dei som ikkje har søkt om dagpengar i arbeidssøkjarperioden. Dei som var permitterte har klårt høgare sannsyn samanlikna med andre arbeidssøkjar med same bakgrunnskjenneteikn som ikkje har vore permitterte.

Oppsummering

Sjølv om mange berre var ledige i kort tid og var tilbake i jobb att åtte månader etter tilgang så veit vi ikkje korleis det går på lang sikt med dei som mista jobben på grunn av koronakrisa. Mot slutten av 2020 og framover dei første månadene i 2021 har det komme fleire innstrammingar som har ramma mange av dei same næringane og regionane som vart ramma våren 2020.

Vi har også sett at dei gruppene som ofte har ekstra vanskar med å koma i arbeid når det er høg arbeidsløyse også er dei same som har blitt mest ramma av koronakrisa. Eldre, innvandrarar og personar utan fullført vidaregåande eller høgare utdanning er mest råka av arbeidsløysa som følgje av koronakrisa. Dette gjeld anten vi ser på varigheit av arbeidssøkjarperioden eller kven som er i jobb åtte månader etter at dei vart arbeidssøkjarar. Arbeidssøkjarar utan arbeidserfaring skil seg ut med svært lågt sannsyn for å vera i jobb åtte månader etter. Koronakrisa ramma også dei som var arbeidslause før mars 2020, desse fekk ekstra vanskar med å finna nytt arbeid i ein tøff arbeidsmarknad.

Dersom pandemien varer ved og det tar tid før veksten i økonomien tar seg opp att, kan vi risikera at fleire kan bli varig utstøytt eller utestengt frå arbeidsmarknaden. Dette vil også stilla store krav til NAV og andre om ekstra innsats av ressursar og tiltak for å motverka dei negative verknadane for dei arbeidslause og for samfunnet.

Referansar

Bratsberg, Bernt, Gaute Eielsen, Simen Markussen, Oddbjørn Raaum, Knut Røed, Trond Vigtel (2020a) Koronakrisens første uker- hvem tok støyten i arbeidslivet?

Nettartikkel lasta ned mars 2020. Henta frå: https://www.frisch.uio.no/om-oss/Nyheter/pdf/2020/artikkelpreprint_hvem_tok_stoyten_200408.pdf

Bratsberg, Bernt, Simen Markussen, Knut Røed, Oddbjørn Raaum, Gaute Eielsen, Annette Alstadsæter (2020b) “Koronaledige etter 22 uker – hvem er (ikke) tilbake i jobb?” Oslo: Frischsenteret.

Furuberg, Jorunn og Åshild Male Kalstø (2017) “Hvem går ut dagpengeperioden?” Arbeid og velferd, 2/2017.

Gjerde, Audun, Malin Charlotte Engel Jensen og Johannes Sørbø. «Den store nedstengingen». Arbeid og Velferd, 2/2020, s.3-24.

Røed, Knut & Tao Zhang (2005) «Unemployment duration and economic incentives – a quasi random-assignment approach». European Economic Review, 49 (7), s.1799–1825.

SSB(2020a) «Tabell 01222: Befolkning og kvartalsvise endringar, etter kvartal og statistikkvariabel» .Tilgjengeleg frå https://www.ssb.no/statbank/table/01222/ Lasta ned mars 2021.

SSB(2020b) «Litt over 9 prosent ledige blant innvandrere» Nettartikkel publisert 11. februar 2021. Tilgjengeleg frå https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/litt-over-9-prosent-ledige-blant-innvandrere. Lasta ned mars 2021.

SSB(2020c) «Nedgang i sysselsettingen i alle fylker». Nettartikkel publisert 11.mars 2021. Tilgjengeleg frå https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/nedgang-i-sysselsettingen-i-alle-fylker. Lasta ned mars 2021.

Vidal-Gil, Eugenia (2017) «Endringer i arbeidsledigheten over tid». Arbeid og Velferd, 1/2017, s.19-26.