Arbeidsmarkedet
Last ned

Arbeidsmarknaden i 2014

Av Jorunn Furuberg

Samandrag

Gjennom fleire år har norsk økonomi vore prega av ein høg oljepris og høge oljeinvesteringar. I fjor flata veksten i oljeinvesteringane ut, og i andre halvår fall oljeprisen kraftig. Likevel var veksten i fastlandsøkonomien om lag som trendveksten. Fallet i oljeinvesteringane førte til at arbeidsløysa auka noko innan oljerealterte yrke, først og fremst innan ingeniør- og ikt fag.

I 2014 vaks arbeidsstyrken med 30 000 personar. Veksten i sysselsetjinga var litt høgare enn i 2013, men den samla yrkesdeltakinga gjekk litt ned frå året før. Yrkesdeltakinga auka mest blant personar over 55 år, medan det var størst nedgang blant dei under 25 år. Nedgangen i yrkesdeltakinga blant dei unge skuldast først og fremst at fleire tok utdanning, samstundes som færre under utdanning var i arbeid.

I gjennomsnitt for 2014 var 75 300 personar heilt arbeidslause, noko som svarer til 2,8 prosent av arbeidsstyrken. I løpet av heile 2014 var til saman 283 000 ulike personar heilt arbeidslause i kortare eller lengre tid. Dette tyder på at mange var arbeidslause berre ein kort periode. Likevel var 26 prosent av dei som til ei kvar tid var heilt arbeidslause, langtidsledige.

Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, blei i 2014 på 88 000, eller 3,3 prosent. I gjennomsnitt deltok 12 600 arbeidssøkjarar i tiltak. Dette er 22 prosent lågare enn i 2013, og bidrog til å trekkja talet på heilt arbeidslause opp.