Brukarar av hjelpemidler i åra framover
Sigurd Gjerde
Samandrag
Framskrivingar av befolkninga syner ein sterk vekst i den eldre befolkninga dei neste åra. I denne artikkelen nyttar vi SSB si siste framskriving av befolkninga til å framskrive talet på brukarar av hjelpemidler fram mot 2060. I SSB sitt hovedalternativ er gjennomsnittleg levealder oppjustert til 87,2 år for menn og 89,2 år for kvinner fram mot 2060. I framskrivinga av hjelpemiddelbrukarar får det som effekt at den eldste aldersgruppa får ein vesentleg høgare vekst enn i tidlegare anslag, spesielt etter 2035. Denne veksten vil eventuelt komme i tillegg til ei generell aldring i befolkninga, og bidra til å auke behovet for hjelpemidler.
Framskrivingane syner at talet på brukarar som kvart år får utlånt hjelpemidler frå NAV fram mot 2030 vil vere 37,5 prosent høgare enn i dag. Vidare vil auken kunne bli på 123 prosent til 2060. Av fleire typar hjelpemiddelstønader har vi sett på høyreapparat og ortopediske hjelpemidler. Talet på brukarar av høyreapparat vil i 2030 kunne vere 65 prosent høgare enn i dag, medan talet på brukarar av ortopediske hjelpemidler vil kunne vere 28 prosent høgare.
Det er store usikkerheter med framskrivingar så langt fram i tid. Talet på brukarar kvart år må difor berre oppfattast som tendensar basert på rein demografisk effekt. Framskrivingar for dei første 15 - 20 åra framover er meir dagsaktuelle, i og med at usikkerheten er litt mindre. Hensikten er å framskaffe kunnskap som må nyttast til konkret planlegging.