Alderspensjon etter reforma
– når kjem innsparinga?
Av Oddbjørn Haga
Samandrag
Pensjonsreforma har som føremål å gjera alderspensjonen økonomisk berekraftig i framtida. Innføring av levealdersjustering og nye reglar for indeksering av pensjonen vil føra til at dei årlege utgiftene etter kvart blir lågare enn dei ville blitt med det gamle regelverket.
Fleksibel pensjonsalder innanfor aldersspennet 62–75 år gjer likevel at utgiftene til alderspensjon blir høgare dei første åra. Det kjem av at fem fleire årskull kunne ta ut pensjon frå 2011, og at svært mange så langt har gjort dette. Innsparingselementa får på si side liten verknad i byrjinga, men aukar for kvart år.
Vi har talfesta at meirutgiftene til folketrygdas alderspensjon, samanlikna med om pensjonsreforma ikkje hadde blitt innført, blir på det høgaste i 2014 og 2015 med om lag 10 milliardar kroner. Deretter minkar dei år for år, og vi reknar med innsparing rundt 2020.
Dei samla meirutgiftene i åra 2011 til 2020 kan bli på om lag 60 milliardar kroner. Ein gong mellom 2025 og 2030 vil vi ha teke att desse meirutgiftene.