Senior/pensjon
Last ned

Forventa pensjoneringsalder og yrkesaktivitet

Av Oddbjørn Haga

Samandrag

Stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, og det er ikkje lenger fullt samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. NAV publiserer difor indikatorar for både pensjoneringsåtferd og sysselsetjing.

Forventa yrkesaktivitet er ein indikator for å måla lengda på yrkeskarrierar basert på yrkesaktiviteten i einskilde år. Ein 15-åring kunne i 2014 forventa ein yrkeskarriere tilsvarande 31,5 årsverk. Dette er ein auke på 0,3 år frå året før, og 1,9 år høgare enn i 2001. Ein 50-åring kunne i 2014 forventa å vera yrkesaktiv i 11,5 år til. Dette er ein auke på 0,2 år frå 2013 og 1,9 år frå 2001.

Medan yrkesaktiviteten totalt sett har gått noko ned frå 2008, har den auka for eldre arbeidstakarar.

Yrkesaktiviteten etter 50 år er no den høgaste den har vore i tida etter 2000, og sannsynlegvis den høgaste nokosinne. I IA-avtala for 2010–2013 var eit av måla at forventa yrkesaktivitet ved 50 år skulle forlengjast med seks månader frå 2009 til 2013. Auken blei 4,6 månadar. Målet blei derimot nådd i 2014, med ein auke på om lag sju månader frå 2009.

Det var ein stor nedgang i forventa pensjoneringsalder frå 2010 til 2011. Dette kom av at fleire har teke ut uførepensjon, særleg i alderen under 50 år, og av innføring av fleksibel alderspensjon med høve til å ta ut alderspensjon frå 62 år. Sidan har det vore ein viss auke. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år var i 2014 62,6 år. Det er 1,1 år lågare enn i 2010. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 18 år i 2014 var 58,0 år, ein nedgang med 2,8 år frå 2010. Langt fleire arbeidde samstundes med dei tok ut pensjonen i 2014 enn i 2010.